ID3-330 Fordjuping fotball 2, trenarrolla og trenarutvikling

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

  • Trenarutvikling
  • Trenaren som koordinator
  • Rettleiing av trenar, ved bruk av analyseverktøy
  • Fotball som kulturelt fenomen
  • Fotball og organisasjonsutvikling

Kurset blir gjennomført i nært samarbeid med Noregs Fotballforbund, NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om trenarkoordineringsrolla
  • har kunnskap om feedback og evaluering av trenarrolla
  • har kunnskap om relevante verktøy for kamp- og spelaranalyse

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere kring utvikling av eigne ferdigheiter som trenar
  • veit korleis ein kan jobbe på feltet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for korleis ein skal ta eigarskap til eigen ferdigheitsutvikling som trenar
  • kan gjere greie for fotballen sin rolle i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Årsstudium idrett eller anna relevant utdanning. NFF Grasrottrenaren.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppe, individuelt arbeid og praktisk instruksjon.

Arbeidskrav

  • Minimum 80% oppmøte i undervisninga
  • Praktiske instruksjonsoppgåver
  • Teoriprøve, to timar, bestått/ikkje bestått

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell, praktisk-metodisk eksamen med gradert karakter (A - F). Tid: 45 minutt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen