ID3-331 Gruppetreningsinstruktør

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

  • Gjennomføring og rettleiing av ulike timar med fokus på styrke, uthald, koordinasjon og rørsleevne
  • Instruktørrolla- coaching og øvingsbilete
  • Intensitetsstyring- ulik intensitet retta mot ulike målgrupper
  • Treningslære retta mot trening i grupper
  • Bruk av musikk på ulike timar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om treningslære innanfor uthald, styrke og bevegelegheit relatert til trening av grupper både ute og inne
  • har kunnskap om coaching
  • har kunnskap om intensitetsstyring
  • har kunnskap om musikk som hjelpemiddel

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere ulike typar timar med fokus på styrke, uthald, koordinasjon og rørsleevne ute og inne for ulike målgrupper
  • kan motivere og rettleie deltakarar til funksjonell og effektiv trening
  • kan legge til rette for ulike målgrupper i ein og same time

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for gode treningsopplevingar

Krav til forkunnskapar

Årsstudium i idrett eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåver (gruppe og individuelt) og praktiske timar ute og inne. Teori knytt til praktiske timar/ aktivitetar. Studentane skal planleggje og gjennomføre ulike praktiske oppgåver.

Arbeidskrav

Studentane vil ha totalt tre arbeidskrav knytt til trening av ulike typar målgrupper, framlegging og innlevering.

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga (80%). Arbeidskrava skal vere godkjent før ein går opp til praktisk metodisk eksamen med munnleg eksaminasjon.

Vurderingsform

Individuell praktisk metodisk eksamen med munnleg eksaminasjon. Vurdering med karakter A-F.