LU1-RLE1B215 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1b (1-7)

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

KRLE 1b gir historisk og aktuell kunnskap om religionar, livssyn og fagdidaktikk KRLE 1b er delt i to fagområde der fagdidaktikk er ein eigen del. KRLE1b gjev kunnskapar og ferdigheiter retta mot KRLE undervisning på 1.-7.årssteg.

KRLE 1b gir studentane nødvendig kultur- og religionskompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer. Emnet består av følgjande fagområde:

  • Jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøsitet og ikkje-religiøse livssyn
  • Fagdidaktikk

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om religionar og livssyn: mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfatningar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på norske forhold
  • har kunnskap om religionar og livssyn i faget: mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfatningar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendommen og norske forhold
  • har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk kontekst og som filosofisk perspektiv i ulike variantar i bryting med andre menneskesyn gjennom historia
  • har kunnskap om diskusjonane kring kognitiv forvirring i møte med religiøst og anna kulturelt mangfald
  • har kunnskap om grunnskolefaget si historie i hovudtrekk, grunngjeving, innhald og føremål
  • har kunnskap om barns gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar
  • har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn
  • har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag
  • har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar i faget i høve til dei aktuelle trinna  

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere KRLE undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane
  • kan bruke sentrale arbeidsmåtar i KRLE med vekt på arbeidet med høgtider, forteljingar og estetiske uttrykk
  • kan setje seg inn i borna sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette
  • kan samtale med barn om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar
  • kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget
  • kan gjennomføre tilpassa opplæring i KRLE, mellom anna med omsyn til elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn
  • kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i KRLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar med tilsvarande vurderingsformer
  • kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga
  • kan reflektere kritisk over innhaldet og verdimålsettingane for faget i skolen og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga
  • kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga

Generell kompetanse

Studenten

  • har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar
  • kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet
  • har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Klasseromsundervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar. Skriftlege og munnlege oppgåver, individuelle og i grupper.

Arbeidskrav

  • ha fått godkjend 1 kunnskapsprøve innan fastsett frist
  • ha fått godkjend 3 skriftlege innleveringar på 1500 ord innan fastsett frist
  • 80% deltaking på undervisning som er markert som obligatorisk i semesterplan

Vurderingsform

Skriftlig eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Fagleg overlapping

  • LU1-RLE130 (1) - Religion, livssyn og etikk 1, 1-7. - Reduksjon: 15 studiepoeng