MAS3-302 Matematikk 3

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet skal vera eit tilbod på masternivå for studentar som ønskjer å fordjupe seg i prosessar knytt til læring og undervisning i matematikk, blant anna kvantitativ metodelære. Studentane skal fordjupe seg innan statistisk metodelære, talteori, geometri og matematikkdidaktikk.

Innhaldet i emnet vert konkretisert gjennom arbeid med seks tema: talteori, geometri, statistikk, undervisnings- og arbeidsformer i matematikk, problemløysing og bevis.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om sentrale kvantitative metodar
  • har inngåande kunnskap om forsking innanfor læring og undervisning i matematikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte ulike metodar for matematiske bevis til å generalisere matematiske samanhengar
  • kan analysere og kommunisere om matematikkdidaktiske og matematikkfaglege problemstillingar, analysar og konklusjonar
  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere, reflektere over og grunngje korleis læraren kan påverke læringsmiljøet og motivasjon for matematikk gjennom val av undervisnings- og arbeidsformer
  • kan kommunisere om læring og undervisning innanfor matematikk, både på eit formelt og uformelt nivå

Krav til forkunnskapar

Matematikk 1 (30 sp) (1.-7.steg eller 5.-10. steg), eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er bygd opp rundt samlingar som kombinerer førelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, presentasjonar frå studentar og gruppearbeid. I løpet av emnet vil studentane møte ulike arbeidsformer som vert nytta i matematikkundervisning. Emnet stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presentert for. Canvas vert nytta aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform. Det vert også nokre nettførelesingar i Adobe Connect.

Arbeidskrav

Ni skriftlege innleveringar, der ei innlevering er knytt til praksis og åtte innleveringar er matematikkfagleg og didaktisk retta.

Det er krav om 10 dagar rettleidd praksis for studentar som tek masterutdanninga som fjerde år av grunnskulelærarutdanninga. I denne praksisen skal studentane planleggje og gjennomføre eit matematikkopplegg over 6-8 undervisningstimar. Høgskulen organiserer praksisplass og praksislærar.

Studentar med fullført praksis frå lærarutdanninga gjennomfører undervisningsopplegget som eit praksisrelatert arbeidskrav på eigen arbeidsplass eller i ein skuleklasse etter avtale med høgskulen.

Vurderingsform

Haustsemester:

  • Skriftleg, individuell eksamen Tid: 5 timar Vekting: 33,3 % (1/3)

Vårsemester:

  • Skriftleg, individuell eksamen Tid: 5 timar Vekting: 33,3 % (1/3).
  • Munnleg, individuell eksamen Vekting: 33,3 % (1/3)

Ved sensur av emnet nyttar me karakterskalaen A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator.

Meir om hjelpemiddel