MAS3-303 Undervisning, vurdering og læring i kroppsøving

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet søkjer tverrfagleg kunnskap om fysisk aktivitet og læring av bevegelse i kroppsøving. Det tek opp fleire problemstillingar, omgrep, teoriar og praktiske døme som går ut frå tre hovudspørsmål:

  • Kva betyr det å vera og å læra i rørsle for å styrkja sjølvkjensla, helse og sosialt samkvem?
  • Kvifor vera fysisk aktiv gjennom leik, idrett, dans og friluftsliv?
  • Korleis kan kunnskap om fysisk aktivitet og læring av rørsle letta arbeidet  i kroppsøving med å utvikle deltakande kritisk reflekterande studentar med vekt på sjølvstende, tilhøyrigheit, positiv oppfatning av kroppen, sjølvforståing og identitetskjensle?

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om kroppen som eit heilskapleg system i samhandling med omgivnadane
  • har inngåande kunnskap om korleis rørsle varierer i ulike kontekstar og utviklingnivå
  • har inngåande kunnskap om korleis ein kan studera, definera og vurdera rørsle frå subjektive og objektive kriterium

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruka ulike målemetodar og evalueringsformer av fysisk aktivitet
  • kan kommunisera og argumentera kring sentrale problemstillingar frå lærings- og folkehelsefeltet med både spesialistar og allmenta
  • kan kritisk bruka kunnskap om og vurdera korleis kroppsøving, friluftsliv og idrett kan virka saman med utfordringar i folkehelsa for å skapa gode aktivitetsvanar i samfunnet i eit danningsperspektiv
  • kan vurdera forholdet mellom teoretisk og praktisk kunnskap i tilknyting til fysisk aktivitet og vurdering med utgangspunkt i eit profesjonsperspekti

Generell kompetanse

Studenten

  • kan sjå samanhengar innan fagfeltet og på bakgrunn av dette utvikla eigne spørsmål og hypotesar om undervisning, fysisk aktivitet og læring av bevegelse knytt til vurdering og utvikling
  • kan grunngje betydinga av kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet for individ og samfunn frå natur- og samfunnsvitskaplege tilnærmingar

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over de som følger av opptak

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er bygd opp rundt førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid teoretisk og praktisk. Det blir lagt opp til obligatoriske plenumssamlingar, dels med forelesing og dels med studentframlegging. Studentane møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet og får fleire framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktiv læring.

Arbeidskrav

6 praktiske og teoretisk innleverings- og framleggingsoppgåver. Desse vert spesifisert ved studiestart.

Vurderingsform

Individuell 6 dagars skriftleg heimeeksamen. Svaret skal vera på maks 12 sider med 1,5 i linjeavstand og ha med litteraturliste. Framside, innhaldsside og litteraturliste kan overstiga sideavgrensinga.

Arbeidet vert vurdert med gradert karakter A-F.

Fagleg overlapping

  • MIDR502 (1) - Bevegelse, læring og folkehelse - Reduksjon: 12 studiepoeng