MAS3-304 Læring i kroppsøving med idrett og friluftsliv

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet tek opp eit utval tema og problemstillingar som er sentrale for læring av rørsle. Det har som hovudmål å gi studentane inngåande forskingsbasert kunnskap om kontroll og læring av ferdigheiter frå ulike perspektiv i kroppsøving med idrett og friluftsliv knytt til teoretiske og praktiske ståstader.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om  leiarskapets betyding for sosiale og faglege læringsprosessar i friluftsliv og kroppsøving
  • har inngåande kunnskapar i å analysere og vurdere motoriske ferdigheiter og utvikling på ulike læringsnivå
  • har inngåande forskingsbasert kunnskap om forholdet mellom undervisning og læring, og på bakgrunn av dette kunne bruke fagdidaktisk kunnskap i konkrete læringssituasjonars eigenart i eit danningsperspektiv
  • har kunnskap til å analysere og reflektere over betydninga av kreative rørsleaktivitetar og kroppens språk 
  • kan anvende pedagogiske teoriar og didaktiske arbeidsmetodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving og friluftsliv for utvikling av god praksis
  • har avanserte kunnskapar om miljøets betyding for korleis individ og grupper oppfattar mogleggjerande og avgrensande vilkår i læringsprosessar og korleis teoriane kan nyttast i relasjon til forskings- og utviklingsarbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og reflektere over leiarskapets betyding for sosiale og faglege læringsprosessar i friluftsliv og kroppsøving
  • kan bruke inngåande kunnskapar i å analysere og vurdere motoriske ferdigheiter og utvikling på ulike læringsnivå
  • kan nytte inngåande forskingsbasert kunnskap om forholdet mellom undervisning og læring, og skal på bakgrunn av dette kunne bruke fagdidaktisk kunnskap i konkrete læringssituasjonars eigenart i eit danningsperspektiv
  • kan analysere og reflektere over betydninga av rørsleaktivitetar og kroppens språk 
  • kan kommunisere og formidle inngåande kunnskap om pedagogiske teoriar og didaktiske arbeidsmetodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving og friluftsliv for utvikling av god praksis, kan analysere og reflektere over læringsteoretiske ståstadar 
  • kan bidra med inngåande kunnskapar om miljøets betyding for korleis individ og grupper oppfattar mogleggjerande og avgrensande vilkår i læringsprosessar og korleis teoriar kan nyttast i relasjon til forskings- og utviklingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere med ålmenta og fagpersonar om kroppsøving som fag og læringsprosessar i kroppsøving, idrett og friluftsliv 
  • kan ta i bruke sine kunnskapar i analysar for å få fram kunnskap om barn på ulike læringsnivå og kunne gjere seg nytte observasjonar knytt til motoriske ferdigheiter og utvikling i undervsingsamanheng
  • kan kommunisere om forskingsbasert kunnskap om forholdet mellom undervisning og læring, og på bakgrunn av dette kunne kritisk reflektere med bakgrunn i fagdidaktisk kunnskap over konkrete læringssituasjonar
  • kan bidra til implementering, nytenking og refleksjon over betydninga av rørsleaktivitetar og kroppens språk 
  • kan nytte kunnskap om kroppsøving og læring i relasjon til forskings- og utviklingsarbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over de som følger av opptak

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er bygd opp rundt førelesingar, seminar, gruppearbeid, framføringar og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til obligatoriske plenumssamlingar, dels med førelesing og dels med studentframlegging og diskusjonsgrupper. Studentane møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet, og får fleire framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktiv læring.

Arbeidskrav

Fem praktiske og teoretisk innleverings- og framleggingsoppgåver. Desse vert spesifisert ved studiestart.

Vurderingsform

Individuell seks dagars skriftleg heimeeksamen. Svaret skal vera på maks 12 sider med Calibri 11,1,5 i linjeavstand og ha med framside og litteraturliste.

Framside og litteraturliste kan overstige sideavgrensinga.

Arbeidet vert vurdert med gradert karakter A-F.

Fagleg overlapping

  • MIDR505 (1) - Læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv - Reduksjon: 12 studiepoeng