MGBBNM502 Begynnaropplæring i norsk og matematikk 2 - Vitskapsteori og metode
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2024/2025.
Dette er eitt av fire masteremne i Begynnaropplæring i norsk og matematikk. Det er plassert om hausten fjerde år. I emnet skal studenten utvikle ei reflektert forståing av vitskapsteori, metodologi og akademisk skriving. Emnet skal setje studenten i stand til å vurdere og delta i forskings- og utviklingsarbeid knytt til begynnaropplæring i norsk og matematikk, og profesjonsutøvinga i faga. Emnet skal dessutan sikre den vitskaplege forankringa av studenten sitt eige masterprosjekt.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om vitskapsteoretiske tema med relevans for norsk- og matematikkdidaktikk, begynnaropplæring og profesjonsutøvinga av faga
- har avansert kunnskap om relevante forskingsmetodar, kvalitative og kvantitative
- har inngåande kunnskap om forskingsetiske spørsmål, inkludert forsking som involverer små barn
- har inngåande kunnskap om sentrale problemstillingar, forskingstradisjonar og akademisk skriving
- har kunnskap om begynnaropplæring og faga, inkludert fagas natur, filosofiske og historiske grunnlag
Ferdigheiter
Studenten
- kan grunngje design for ulike forskingsprosjekt
- kan kritisk vurdere og drøfte ulike vitskapsteoretiske retningar og syn, både opp mot forskingsprosjekt og profesjonsutøvinga av faget
- kan analysere og drøfte akademiske tekstar frå nasjonal og internasjonal forsking med vekt på metodologi, relevans, argumentasjon og skrivestil
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for ulike typar forskingsdesign med relevans for arbeidet med masteroppgåva
- kan analysere og halde seg kritisk til vitskapsteoretiske og metodiske aspekt ved nasjonal og internasjonal forsking innan norsk- og matematikkdidaktikk, og anvende kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan kan utøve forskingsetisk og yrkesetisk skjønn
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Bestått FoU-oppgåve og bestått praksis.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsmåtane i faget vil vere både felles nettbasert undervising og undervising på lokal campus. Det vil vere førelesingar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteratur og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane organiserer kollokviegrupper.
Studiet er eit fellestilbod for studentar ved campus Bergen, Sogndal og Stord.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Munnleg framlegg der studenten drøftar ei aktuell norsk- eller matematikkdidaktisk problemstilling i lys av vitskapsteori
- Prøve ut eitt kvantitativt og eitt kvalitativt metodeinstrument i grupper. Utprøvinga skal munne ut i eit individuelt skriftleg arbeid. Teksten skal innehalde etiske refleksjonar kring metodebruk.
- Obligatorisk aktiv deltaking på seminar, som blir vurdert til godkjent / ikkje godkjent. Døme på aktivitetar kan vere munnleg deltaking, kvarandrevurdering av tekstar og analysearbeid.
Presisering av formelle krav vert delt ut i første del av semesteret.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utførte og godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt forsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 7 dagar. Oppgåva skal vere på 3500-4000 ord, der innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg ikkje er medrekna.
Språk: Norsk, valfri målform.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel