MGUPØ101 Profesjonsemne 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Profesjonsundervisninga i GLU 5-10 består av eitt emne pr. studieår. Denne emneplanen omhandlar profesjonsundervisninga i 1. studieår.

Fagovergripande emne 1. studieår:

  • Estetiske læreprosesser
  • Profesjonsetikk
  • Medborgarskap

Læringsutbytte

Om fagovergripende tema henta frå studieprogramplanen:

Estetiske læreprosesser
Studenten skal øve opp kreativitet, evne til å skape, samhandle, reflektere og kommunisere. Dette skal dei blant anna gjere ved hjelp av estetiske verkemiddel og verktøy. Gjennom grunnskulelærarutdanninga skal studenten sjølv få erfaring med estetiske læreprosessar saman med medstudentar og elevar. Studenten skal kunne legge til rette for elevane si kreative læring gjennom ulike estetiske uttrykk, formidling og framføringar som er med på å utvikle sjølvkjensle og identitet hos elevane.

Profesjonsetikk
Den profesjonelle læraren veit heile tida og i ulike situasjonar kva etiske normer og prinsipp som gjeld når ein skal utøve lærarprofesjonen. Kjernen i lærarprofesjonen sin integritet er etisk medvit, fagleg dugleik og eit engasjement for undervisning av barn og ungdom. Dette er avgjerande for å skape gode vilkår for læring, leik og danning. Når ein utøver lærarprofesjonen, må ein ta ansvar for sine pedagogiske og faglege val, også dei som er tufta på skjønn. Samfunnet må ha tryggleik for at læraren handlar etisk forsvarleg.

Medborgerskap
Medborgarskap handlar om å leve saman i fellesskap, fremje forståing for ulikskap i kultur og verdiar. Å utvikle demokratisk medborgarskap har mykje å seie for utviklinga av eit godt psykososialt miljø. Studenten treng kunnskap om korleis undervisninga kan legge til rette for utvikling av elevane sine haldningar og handlingar. Kunnskap og kompetanse om elevmedverknad og elevansvar i skulekvardagen kan fremje medborgarskap ved at elevane bidrar, deltar og samhandlar i skulekvardagen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer klassevis, digitalt og i større grupper.

Arbeidskrav

80% frammøte til undervisninga.

Vurderingsform

Det er ingen vurdering i emnet.