MGUPØ201 Profesjonsemne 2

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Profesjonsundervisninga i GLU 5-10 består av eitt emne som skal dekke ulike fagovergripande tema pr. studieår. Denne emneplanen omhandlar profesjonsundervisninga i 2. studieår.

Fagovergripande tema 2. studieår:

  • Profesjon, danning og motivasjon
  • Psykososialt læringsmiljø
  • Samiske forhold
  • Vold og overgrep
  • Det fleirkulturelle klasserommet

Læringsutbytte

Om fagovergripende tema henta frå studieprogramplanen:

Profesjon, danning og motivasjon
Studenten skal få kunnskap om, og forståing for, korleis kompetanse om pedagogikk og danning er relevant for pedagogisk praksis.

Psykososialt læringsmiljø
Utdanninga skal sikre at studenten får den ferdigheita, kunnskapen og kompetansen som ein lærar må ha for å skape eit trygt psykososialt læringsmiljø og førebygge og handtere krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering. Utdanninga må gi studenten kunnskap og kompetanse til å møte ulike likestillingsutfordringar i skulen. Studenten skal kunne utøve eit normkritisk perspektiv og ha auge for elevane si psykiske helse og psykososiale risikofaktorar i skulekvardagen. På bakgrunn av faglege vurderingar skal studenten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar.

Samiske forhold
Utdanninga skal kvalifisere studenten for å ta hand om opplæringa om samiske forhold, samiske born sine rettar og det samiske folket som anerkjent urfolk. Samisk kultur og samfunnsliv er ein viktig del av den felles kulturarven. Opplæring for samiske elevar ståri ei særstilling i norsk grunnopplæring. Studenten må derfor få kunnskap om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane for grunnopplæringa og om samiske elevar sine rettar.

Vold og overgrep
Utdanninga skal sikre at studenten har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar inkludert vald og seksuelle overgrep mot barn. Studenten skal ha kunnskap om og kunne identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltak skal setjast i verk. Tema skal også koplast til praksis.

Det fleirkulturelle klasserommet
Det fleirkulturelle samfunnet stiller krav til læraren sin kompetanse om mangfald og interkulturell forståing. Internasjonalisering av samfunns- og arbeidsliv føreset språk- og kulturkunnskap og internasjonale erfaringar. Studenten må ha kunnskap om og forståing av det fleirkulturelle samfunnet. Det inneber mellom anna å vere merksam på kulturelle forskjellar og å kunne bruke desse som ein positiv ressurs. Etnisk, kulturelt og religiøst mangfald er ein del av skulekvardagen i dei fleste norske skular. Kunnskap om menneskerettane og om urfolk sine rettar er sentralt i denne samanhengen. Lærarutdanninga skal fremje internasjonalt samarbeid og solidaritet for å oppnå berekraftig utvikling og sosial utjamning.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer klassevis, digitalt og i større grupper.

Arbeidskrav

80% frammøte til undervisninga.

Vurderingsform

Det er ingen vurdering i emnet.