NAB1024 Maritim engelsk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Dette kurset har som mål å gje studentene den nødvendige kunnskapen, ferdigheiten og kompetansen som er nødvendig for å utføre kommunikasjon mellom skip og  fasiliteter langs kysten, samt mellom skip og ombord på skip.

Denne kompetansen er påkrevd for å utføre plikter og arbeid ombord på skip på ein profesjonell/fagmessig og trygg måte.

Kurset er meint å utvide studentenes kunnskap, forståelse og ferdigheit for å kunne overhalde kravene i IMOs STCW.

Muntlig eksamen må påreknast å bli arrangert både på dagtid og kveldstid.

Læringsutbytte

  - Kunnskapar:

Studentane skal kunna maritime standarduttrykk på engelsk som vert nytta i intern og ekstern kommunikasjon om bord. Dei skal vera i stand til å kommunisera effektivt og utan misforståingar ved hjelp av dei maritime standarduttrykka med mottakarar som ikkje har engelsk som førstespråk. Studentane skal vera trygg på å kommunisera på eit framandt språk i ulike operative situasjonar, både knytt til dagleg drift og til ekstraordinære tilfelle som naudssituasjonar.

 

- Ferdigheitar:

Studentane skal kunna nytta grunnleggjande engelsk relatert til operasjon og drift av skip. Dei skal vera i stand til å nytta engelsk som kommunikasjonsspråk i ein maritim arbeidskvardag, og nytta engelsk vokabular og grammatikk korrekt. Dei skal kunna nytta det maritime standardvokabular i ein bestemt operasjon, som til dømes fortøying, lasting/lossing eller liknande, både med personar om bord i eige skip og eksterne partar.

 

- Generell kompetanse:

Studentane skal vera i stand til å gjennomføra arbeidsoppgåver om bord i eit skip der arbeidsspråket er engelsk. Dei skal kunna utveksla synspunkt og erfaringar på engelsk i eit maritimt fagmiljø. Studentane skal vera trygg i kommunikasjon som går føre seg på engelsk, og evna å fanga opp moglege misforståingar når slike kan oppstå som følgje av mangelfulle språkkunnskapar hos andre. Faget dekkjer relevante krav i STCW 78 as amended, tabell A-II/1.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

 Forelesingar og individuell rettleiing.

Arbeidskrav

Tre oppgåver. Alle oppgåver må vera fullstendige.

  • Oppgåve 1 - Ein innspelt presentasjon
  • Oppgave 2 - Eit online spørreskjema
  • Oppgave 3 - Ein skriftleg rapport og taleopptak om maritim kommunikasjon

Vurderingsform

Munnleg eksamen. Består av ein munnleg presentasjon følgd av ei pkt med spørsmål og svar.

Muntlig eksamen må påreknast å bli arrangert både på dagtid og kveldstid.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillét under eksamen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA082 (1) - Maritime English - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NAB3019 (1) - Maritim engelsk - Reduksjon: 5 studiepoeng