NAB2002 Meteorologi og oseanografi

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Meteorologi og oseanografi med bruk og tolking av informasjon frå meteorologiske instrument om bord, globale og lokale vêrsystem og vêrfenomén, varsling av vêr på grunnlag av synoptiske kart og anna informasjon, havstraumar og djupnetilhøve, bølgjer og bølgjemønster, isdanning og istilhøve, i tillegg til tidevatn og tidevatnstraumar.

Læringsutbytte

- Kunnskapar:

Studentane skal kunna forstå dei naturlege prosessane i atmosfæren som skaper vær. Dei skal ha brei kunnskap om dei ulike meteorlogiske instrumenta om bord i skipet. Studentane skal kunna tolka tekst/grafiske vêrmeldingar og særskilt kunna identifisera område der vêret kan verta ein risiko for tryggleiken om bord. Studentane skal kunna henta ut informasjon om havstraumar frå relevante kjelder.

- Ferdigheitar:

Studentane skal ha ferdigheiter i å tolka vêrmeldingar og vêrteikn, og informasjon om straum og tidevatn på ein slik måte at denne informasjonen kan nyttast i ruteplanlegging og planlegging av offshoreoperasjonar for å unngå hardvêrsskade og sikra ein trygg og effektiv seglas.

- Generell kompetanse:

Faget dekkar relevante IMO krav på operativt nivå og leiingsnivå som skildra i STCW including 2010 Manila Amendments, tabell A-II/1 og A-II/2.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NAB1001 Fysikk eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar

Arbeidskrav

Innleveringar (spesifiserast i semesterplan ved byrjinga av semesteret).

Vurderingsform

Skriftleg eksamen kan skje elektronisk.

Hjelpemiddel ved eksamen

Høgskolens kalkulator (Texas TI-84 Plus) og Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen) blir utdelt under eksamen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB024 (1) - Operasjon av skip - Reduksjon: 5 studiepoeng