NAB2010 Anvendt matematikk

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

1. ordens lineære differensiallikningar, kobla system av differensiallikningar, parametriserte kurver i planet og i rommet.

Læringsutbytte

  - Kunnskapar:

Kunna praktisk nytte av derivasjon og integrasjon, særskilte teknikkar for løysing av 1. ordens differensiallikningar, kopla system av differensiallikningar, vektorrekning og vektoriserte funksjonar, parametriske kurver i planet og rommet og kulekoordinatar.

- Ferdigheitar:

Kunna grunnleggjande teknikkar for differensial- og integralrekning. Dei skal kunna løysa enkle differensiallikningar og rekna med vektorar og matriser.

- Generell kompetanse:

Studenten kan nytta matematikk som verkty i nautiske fag.

Krav til forkunnskapar

NAB1030 Grunnleggende matematikk eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

NAB1013 Matematikk II eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneverkstad

Arbeidskrav

Innleveringar (spesifiserast i semesterplan ved semesterstart).

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 5 timar

Gradert karakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle trykte og skrivne hjelpemidlar er tillatne

Høgskulens Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen) vert utdelt

Høgskulens kalkulator (Texas TI 84) vert utdelt

Fagleg overlapping

  • ING1011 (1) - Matematikk A - Reduksjon: 5 studiepoeng