OR2-302 Ingeniørfagleg systememne

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Prosjekt som arbeidsform, prosjektmodellar, utviklingsprosjekt, planlegging, nettverk-, ressurs- og aktivitetsplanlegging, dokumentasjon og presentasjon, prosjektøkonomi, ideutvikling og målformulering, kvalitetssikring og dataverktøy for prosjektstyring. Organisasjon og leiing. Systemomgrep, metodar, og døme. Vidaregåande informasjonssøking, akademisk rapportskriving, etiske problemstillingar i teknologi og arbeidsliv. Gjennomføring av ingeniørfagleg prosjekt m/ utarbeiding av prosjektbeskrivelse, undervegsrapportering og sluttrapport. Munnleg framføring.

Læringsutbytte

Kunnskap Studenten

  • kjenner grunnleggande omgrep og metodar innan ingeniørfagleg systemtenking
  • kjenner systemdefinisjon, delsystem, systemgrenser, systemanalyse, systemsyntese og usikkerheitsanalyse
  • kjenner prosjekt som arbeidsform
  • kan grunnleggande omgrep og metodar innanfor prosjektstyring
  • kan styringssløyfa med styringsfunksjonane målformulering, planlegging, utførelse og oppfølging
  • kjenner til ulike styringsverktøy
  • kjenner grunnleggande prosjektleiing og -organisering
  • kjenner til nettverksplanlegging og oppfølging av tid og kostnader
  • kjenner til vidaregåande informasjonssøk

Ferdigheiter Studenten kan

  • nytte grunnleggande omgrep og metodar innan ingeniørfagleg systemtenking ved planlegging gjennomføring av prosjekt.
  • nytte styringssløyfa med styringsfunksjonane målformulering, planlegging, utførelse og oppfølging
  • bruke kunnskap om styringsfaktorane kvalitet, framdrift og ressursar til å vurdere styringsform og gjennomføring for ulike typar prosjekt
  • organisere, bemanne og leie prosjekt
  • nytte dataverkty til å lage Ganttskjema for prosjektplanlegging og oppfølging.
  • lage prosjektdokumentasjon som prosjektbeskrivelse, statusrapportar, møteinnkalling og referat og sluttrapport (fagleg og prosjektadministrativt)
  • gjennomføre munnleg presentasjon av prosjektprosess og resultat for ulike interessentar

Generell kompetanse

Studenten

  • har forståelse av at tverrrfaglegheit er nødvendig for gode systemløysingar.
  • har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innanfor sitt fagområde og kan sette desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv
  • kan formidle elektrofagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, og kan bidra til å synleggjere elektroteknologiens betydning og konsekvensar
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse eigen fagleg utøving til den aktuelle arbeidssituasjonen
  • kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre

Krav til forkunnskapar

Byggjer på prosjekt i tidlegare emne.

Tilrådde forkunnskapar

Porsjekt i tidlegare emne

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og prosjektarbeid.

Arbeidskrav

Gjennomført munnleg presentasjon av prosjektet. Gjennomføre statusmøte. Obligatorisk oppmøte til alle gjesteførelesingar, med oppsummering gruppevis (max. tre gruppemedlemer)

Vurderingsform

Mappe (prosjektbeskrivelse, statusrapport, møteinnkalling og møtereferat, poster, pressemelding, prosjektrapport og produkt). Greidd/ikkje greidd.

Fagleg overlapping

  • ING303 (1) - Systemtenking og innovasjon for ingeniører - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • OR2-300 (1) - Prosjektstyring med prosjekt - Reduksjon: 7,5 studiepoeng