RP5-402 Rusproblematikk - rusarbeid og behandling

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Med bakgrunn i forskningsbasert kunnskap gir emnet  kunnskap  om ulike former for rusarbeid og behandling. Emnet presenterer ulike problemstillingar, omgrep, forklaringsmodellar og behandlingsformer som er knytt til rusarbeid og behandling. Emnet har eit særleg fokus på  brukarmedverknad og samhandling innan rusfeltet, og legg vekt på å sjå samanhengar mellom ulike forståingar av rusproblematikk, politiske føringar, institusjonelle rammer og utforming av praksis. Sentrale tema som blir omhandla i emnet er etikk og brukermedverknad, organisatoriske tilhøve, juridiske  og politiske føringar og ulke behandlingsformer og tiltak.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten...

  • har god kunnskap om ulike former for behandling og rusarbeid
  • har inngående kunnskap om organisatoriske tilhøve og politiske føringar for rusarbeid og behandling
  • har avansert kunnskap om samarbeid og brukarmedverknad

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan anvende forsking til å kritisk analysere og vurdere tiltak og behandlingsformer på rusfeltet
  • kan bruke forskningsbaserte kunnskap i eige arbeid med rusrelaterte problemstillingar
  • kan bruke relevante metodar for fagleg utvikling på ein sjølvstendig måte
  • kan medverke til brukarmedverknad og samhandling med ulike aktørar og forvaltningsnivå på rusfeltet

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan analysere relevante rusfaglege problemstillingar knytt til rusarbeid og behandling
  • kan reflektere kritisk over eigen rolle som profesjonell i møte med menneske med rusutfordringar og deira pårørande
  • kan anvende sine kunnskaper og ferdigheiter til å kommunisere om rusfaglege problemstillingar og til å argumentere for iverksetting av behandlingsformer, tiltak og organisering i rusfeltet
  • kan analysere, reflektere over og diskutere etiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Erfaring frå arbeid med rusproblematikk

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid, praktiske øvingar, rettleiing i gruppe og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Tilstades 80% i refleksjonsgrupper

2: Individuelt framlegg på seminar i grupper, 20 minutters varighet

Arbeidskravet er gyldig til emnet går ordinært neste semester. 

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen.

Vurderingsutrykk
A- F der F er ikkje bestått vurdering.

Ny eksamen
Går føre seg som ordinær eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Sjølvlaga power point-presentasjon

Meir om hjelpemiddel