SA5-300 Vurdering av læremiddel i samfunnsfag

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar kunnskap om korleis ein kan nytte, vurdere og utvikle læremiddel i samfunnsfaget. Læremiddel er alle ressursar som kan nyttast til læring som lærebøker, IKT baserte læremiddel, kart, bilete, databaser og video og andre gjenstandar som blir brukte som reiskapar for læring. Sentrale fagdidaktiske spørsmål som vert belyst : Korleis vert læremidlet utvikla, korleis kan læremidlet brukast, og korleis støtter læremidlet mål for undervisning, er læremidlet tilgjengelig, har læremidlet god kvalitet, korleis kan ein utvikle læremiddel, læremiddelbruk i eit historisk perspektiv og læremiddelkunnskap som eit viktig didaktisk forskingsemne i samfunnsfaga. Lærebøker, nettstad og film blir gjort gjenstand for gjennomgang og kritisk analyse.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar:

Studenten 

  • har avansert kunnskap om grunngjeving og historie til skulefaga historie, geografi og samfunnskunnskap
  • har inngåande kunnskap om didaktikk i samfunnsfaga
  • har inngåande kunnskap om læremiddelbruk i samfunnsfagundervisninga
  • har avansert kunnskap om kunnskapseffektar  i samfunnsfaga ved ulik læremiddelbruk og om læringsstrategiar for denne bruken
  • har inngåande kunnskap om korleis ein sjølv kan lage enkle læremiddel i samfunnsfaga
  • har avansert kunnskap om korleis lærebøker vert utvikla
  • har inngåande kunnskap om internasjonal læremiddelforsking knytt til samfunnsfagdidaktiske problemstillingar
  • har inngåande kunnskap om læremiddelvurdering av læremiddel i samfunnsfaga

Ferdigheiter:

Studenten 

  • kan kritisk vurdere læremiddelbruk i samfunnsfaga
  • kan nytte kunnskap om læremiddel til praktisk gjennomføring i samfunnsfagsundervisning
  • kan nytte kunnskap til å utvikle eigne læremiddel i samfunnsfag

Generell kompetanse:

Studenten 

  • har kompetanse til å analysere og reflektere og til å delta i fagdidaktiske diskusjonar i eit kollegium eller i det offentlige ordskiftet

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over dei som følgjer av opptak.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er bygd opp rundt førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid teoretisk og praktisk. Undervisningsmetodar i emnet er førelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, presentasjonar frå studentar og gruppearbeid. Det blir lagd vekt på sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presentert for. Canvas vert nytta aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform.

Arbeidskrav

To arbeidskrav :

1) Obligatorisk undervisning 80%

 2) Framføring av utkast til læremiddel for klassen

 Arbeidskrav vert vurdert godkjend/ ikkje godkjend

Vurderingsform

Prosjektinnlevering av eigenutvikla læremiddel som kan nyttast i samfunnsfagsundervisninga Vekting: 50 %

Individuell munnleg eksamen Vekting: 50 %

Gradert karakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel