SA602 Historie etter 1914: Frå verdskrigar til verdsvev

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gir studentane eit samanhengande oversyn over norsk og internasjonal historie frå første verdskrigen til tida etter årtusenskiftet. Særleg vekt blir lagt på motsetnader mellom demokratiske styresett og totalitære ideologiar som fascisme og kommunisme. Viktig er også dei langsiktige skifta mellom plan og marknad innafor økonomisk styring, og dei internasjonale statssystema gjennom verdskrigane og den kalde krigen. Emnet tek vidare for seg norsk industrialisering og avindustrialisering, framveksten av ein velferdsstat og eit forbrukarsamfunn, oljeverksemda og dei sosiale, kulturelle og miljømessige endringane som følgde med.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten....

  • har brei realhistorisk kunnskap om utviklinga i Noreg, Europa og verda elles etter 1914
  • har kjennskap til ulike faglige perspektiv på perioden si historie
  • kan gjere greie for sentrale hendingar i perioden, som t.d. verdskrigane
  • kan gjere greie for utviklinga innan teknologi, industri og økonomi, frå Fordisme via atomvåpen og romfart til digitalisering
  • kan drøfte utviklinga og betydninga av ulike ideologiar, som liberalisme, sosialdemokrati, kommunisme, og fascisme
  • kan drøfte utviklinga av demokratiet i Noreg og verda elles, og avkoloniseringa i Afrika og Asia
  • kan drøfte utviklinga av moderne velferdsstatar og europeisk integrasjon i tida etter andre verdskrigen
  • kan drøfte den nyliberale vendinga i Noreg og andre land etter 1980 i lys av veksten i internasjonal handel og investeringar
  • kan drøfte framveksten og verknadene av det moderne forbrukarsamfunnet

Ferdigheiter

Studenten ....

  • kan finne og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
  • kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare sentrale hendingar og utviklingstrekk i det 20. hundreåret
  • kan reflektere over moderne krig og folkemord
  • kan anvende historiske kunnskap til å forstå verda i dag

Generell kompetanse

Studenten ...

  • kan skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • har innsikt i farane ved å manipulere historia for historiske formål
  • kan formidle historisk fagstoff munnleg i diskusjonar og presentasjonar
  • kan bruke sin kunnskap om store historiske innovasjonar til å forstå innovasjonsprosessar i dagens og framtidas samfunn

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper. 

Arbeidskrav

1) Studenten skal skrive to mindre oppgåver med tilbod om rettleiing.

2) Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Munnleg eksamen (20 minutt). Campusstudentar tek eksamen i Sogndal, nettstudentar på videosamtale.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA504 (1) - Nasjonalisme, imperialisme & demokratisering. Verda frå 1800-1991 - Reduksjon: 10 studiepoeng