VEIY801 Rettleiing i yrkesfag

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar grunnleggande kompetanse retta mot individuell rettleiing i yrkesfag. Aktuelle problemstillingar og utfordringar frå eigen arbeidspraksis står sentralt, samt refleksjon over erfaringar i rettleiing. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjonsbygging, kritisk tenking, refleksjon og etiske dilemma i rettleiing. Fagleg og personleg utvikling blir vektlagt i emnet. Emnet bidrar til utvikling av rettleiarkompetanse i eiga yrkesrolle som kan nyttast i ulike samanhengar på eigen arbeidsplass. Dette kan mellom anna handle om å legge til rette for læring og utvikling, for både elevar og kollegaer. Målgruppa for emnet er lærarar i yrkesfag eller andre med ansvar for elevar i yrkesfagleg opplæring.

Innhald

  • Det pedagogiske grunnlaget for rettleiing
  • Grunnleggande ferdigheiter i kommunikasjon i rettleiingssamtalar
  • Fokus på individuelle rettleiingssamtalar
  • Organisering av rettleiing med bl. a. planlegging, gjennomføring, vurdering av rettleiingssamtalar og struktur i dei ulike prosessane
  • Fokus på rettleiaren som relasjonsbyggar og prosessleiar
  • Etikk i rettleiing

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har

  • Grunnleggande kunnskap om sentral empiri, teori, omgrep og ulike tradisjonar innan rettleiing
  • Grunnleggande kunnskap om relasjon og kommunikasjon i eit rettleiingsperspektiv
  • Har inngåande kunnskap om rolla som rettleiar og rettleiing
  • Har kunnskap om etiske forhold i rettleiing

 

Ferdigheiter

Studenten har

  • Grunnleggande ferdigheiter i å planlegge, gjennomføre og vurdere rettleiingsprosessar individuelt og innan egen profesjon
  • Grunnleggande kommunikasjonsferdigheiter i rettleiing
  • Grunnleggande ferdigheiter i relasjonsbygging og leiing av rettleiing
  • Kan analysere og kritisk reflektere over rettleiing som pedagogisk verksemd
  • Kan anvende ulike rettleiingsmodellar og metodar tilpassa behov/situasjonen

 

Generell kompetanse

Studenten har

  • Grunnleggande kompetanse i rettleiing med særleg fokus på individuell rettleiing
  • Grunnleggande kompetanse i rolla som rettleiar
  • Kan nytte ulike metodar tilpassa ulike behov
  • Kan kritisk reflektere, vurdere og grunngi eiga rettleiarrolle og konteksten for rettleiinga
  • Kan identifisere og analysere utfordringar og etiske dilemma i rettleiing

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet stiller krav om eigenaktivitet og arbeid i grupper. Studentaktive læringsformer blir vektlagt. Studenten blir utfordra til å bruke eigne erfaringar samt praksiskunnskapar inn i studiet. Praktiske øvingar, observasjon, tilbakemeldingar og refleksjon er sentralt i dette. Undervisninga er samlingsbasert med innslag av digitale læringsverktøy.

Arbeidskrav

  • Utvikle skisse for eiga utvikling og mål som rettleiar. (Skissa kan sjåast i samanheng med arbeidskrav 2). Individulle skriftlege oppgåver. Omfang 600 - 800 ord.
  • Gjennomføre to rettleiingsoppdrag i praksis og føre refleksjonslogg frå desse der studenten reflekterer over eige utvikling. (Ifht. individuell utviklingsskisse). Individuell oppgåve. Omfang 500 - 700 ord pr. logg.
  • Obligatoriske læringsaktiviteter knytt til obligatorisk oppmøte.

Vurderingsform

Praktisk eksamen, varighet 1 time.

Karakterskala bestått/ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel