Engelsk

I eit stadig meir internasjonalt samfunn vil årsstudium i engelsk vere ein døropnar for deg enten du vil arbeide i skule, næringsliv eller reiseliv. Ved vidare studium vil du vere godt rusta til å lese engelsk pensumlitteratur, og ta eit studieopphald i utlandet.

Studiet er bygd opp av ulike fagdisiplinar som engelsk språk, britisk og amerikansk litteratur, kulturkunnskap og historie, fagdidaktikk og metodikk. Det blir også lagt opp til eit studieopphald i England.

Årsstudium i engelsk dannar grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning innan engelsk. Det passar óg godt som vidareutdanning for deg som er lærar.