Estetiske læremåtar i skule og barnehage

I denne vidareutdanninga får du lære korleis du kan bruke drama, musikk og kunst og handverk som verktøy i ulike skulefag og kunnskapsområde i barnehagen.

Emnet har fokus på aldersgruppa 5-10 år. Dei estetiske faga er ein ressurs i arbeidet med fellesskap, sosial kompetanse og ulike overgangssituasjonar når ein jobbar med barn. I emnet får du mellom anna jobbe med song og samspel, dramatisk improvisasjon og munnleg forteljing, og teikning og formgjeving som læringsverktøy.

Emnet består av praktiske økter på samlingar, arbeid i grupper og utprøvingar på eigen arbeidsplass. I tillegg er det forelesningar og nettundervisning.

Samlingar:

  • 13.-14. september
  • 27.-28. september

Nettdagar 31. august og 19. oktober (tysdagar kl. 12-15)

Eksamen 27. oktober (individuell munnleg via nett)

Du finn meir informasjon i emneplanen.

Målgruppe

Tilsette i barnehage og skule og andre som arbeider med aldersgruppa.

Vil du studere vidare?

Dette er eit av seks frittståande emne som Institutt for kunstfag ved HVL tilbyr. 

Emna er samlings- og nettbaserte og kan takast på deltid. Det er mogleg å ta inntil 15 studiepoeng per semester. Nokre av emna blir tilbudt på Stord og andre i Sogndal, og det kan la seg gjere å kombinere emne frå begge stader.

Udir tilbyr stipendordning eller vikarordning i samband med vidareutdanninger på 30 studiepoeng. Lærarar som arbeider i grunnskule og vidaregåande opplæring, lærarar som underviser vaksne på desse nivåa og lærarar i kulturskuler kan søkje om desse ordningene frå Udir. Alle søknadar må godkjennast av arbeidsgivar for å bli vurdert.