Estetiske læreprosesser i skolen, 5.-10. trinn

Emnet gir ei innføring i musikk, drama, og kunst og handverk som læringsverktøy i skulen, med fokus på 5.-10. trinn. 

Estetiske læreprosessar er kroppslege, sanselege og heilskapsorienterte, og ivaretek heile mennesket. Dei estetiske faga er ein ressurs i arbeidet med fellesskap, demokrati og livsmeistring, og for å oppnå djupnelæring i ulike skulefag. I emnet lærer du korleis musikkaktivitetar, dramatiske uttrykksformer, improvisasjon, og visuelle kunstfag kan nyttast som verktøy i dette arbeidet.

Emnet består av praktiske økter på samlingar, arbeid i grupper og utprøvingar på eigen arbeidsplass. I tillegg er det forelesningar og nettundervisning.

Samlingar:

  • 4.-5. november
  • 25.-26. november

Nettdagar 29. oktober og 3. desember (fredagar kl. 12-15)

Eksamen 10. desember (individuell munnleg via nett)

Du finn meir informasjon i emneplanen.

Målgruppe

Tilsette i skulen.

Vil du studere vidare?

Dette er eit av seks frittståande emne som Institutt for kunstfag ved HVL tilbyr. 

Emna er samlings- og nettbaserte og kan takast på deltid. Det er mogleg å ta inntil 15 studiepoeng per semester. Nokre av emna blir tilbudt på Stord og andre i Sogndal, og det kan la seg gjere å kombinere emne frå begge stader.

Udir tilbyr stipendordning eller vikarordning i samband med vidareutdanninger på 30 studiepoeng. Lærarar som arbeider i grunnskule og vidaregåande opplæring, lærarar som underviser vaksne på desse nivåa og lærarar i kulturskuler kan søkje om desse ordningene frå Udir. Alle søknadar må godkjennast av arbeidsgivar for å bli vurdert.