Fagskuleløpet: For deg som har fagskuleutdanning

Har du fagskuleutdanning og ønskjer å byggje på med ein bachelor i ingeniørfag? Då har vi fleire tilbod til deg.

Har du fagskuleutdanning innan maskinteknikk? Då kan du gå vidare på maskin for fagskuleingeniørar og få ein bachelor i ingeniørfag gjennom eit toårig studieløp som er nett- og samlingsbasert. 

Har du fagskuleutdanning innan automatisering eller elkraftteknikk? Då har vi to tilbod til deg:

1. Ingeniørutdanning på campus i løpet av to år.

2. Nett- og samlingsbasert ingeniørutdanning over tre år.

I begge studieløpa kan du få inntil 60 studiepoeng fritak basert på emne du har tatt ved fagskulen. Dei som vel å studere på campus går saman med dei som følger ordinært studieløp med 30 studiepoeng per semester.

I vårt nett- og samlingsbaserte løp tar du 20 studiepoeng per semester. Dette eigner seg for deg som ønskjer å kombinere studiar med jobb. Det er tilrettelagt for at studentar frå heile landet kan følgje denne utdanninga.

Finn ut meir om fagskuleløpet

Fagskuleløpet: frist

Søknadsfrist er 20. april 2022.

Fagskuleløpet: dokumentasjon

Du må laste opp vitnemål på fullført og bestått 2-årig teknisk fagskuleutdanning innan automatisering eller elkraft.

Du må også laste opp dokumentasjon på matematikk R1, matematikk R2 og fysikk 1. (evt. matematikk R1 + R2 og Fysikk 1).

Dersom du fullfører utdanning i vår, er fristen for å ettersende dokumentasjon på vitnemål 1. juli. 

Fagskuleløpet: poengutrekning

Dette er eit lokalt rangeringsregelverk ved Høgskulen på Vestlandet.

Karakterpoeng vert rekna ut på bakgrunn av karakterane dine frå fagskulen.

Karakterar frå fagskulen vert rekna om slik:

A             6

B             5

C             4

D             3

E             2

Vi reknar ut snittet av alle karakterar på vitnemålet ditt. Dine karakterpoeng vert utrekna ved å gange snittet med 10. "Bestått" blir ikkje med i berekninga. Du konkurrerer berre med karakterpoenga dine, det blir ikkje gitt tilleggspoeng.