Fire Safety / Brannsikkerheit

Master

Er du interessert i ein unik master i brannsikkerheit? Vil du vere med og bidra til eit meir brannsikkert samfunn? Med master i brannsikkerheit vil du kunne arbeide med avanserte og komplekse problemstillingar innan brannsikkerheit.

Hopp til

    Høgskulen på Vestlandet, campus Haugesund, har utdanna godt over 500 branningeniørar dei siste 20 åra. HVL er ein av berre åtte utdanningsinstitusjonar i verda som tilbyr mastergradsstudium i brannsikkerheit.

    Kvifor studere brannsikkerheit?

    Brannsikkerheit blir meir og meir viktig i dagens samfunn, og behovet for kunnskap og kompetanse innan dette feltet er sterkt aukande. Det primære målet med studiet er å tilføre næringsliv og samfunn gode kandidatar, som gjennom sin dybdekunnskap innan fagfeltet, kan bidra til eit meir brannsikkert samfunn. Eit av dei viktigaste aspekta i denne samanhengen er tiltak for å redusere sannsynlegheita for storulukker. Utdanninga er lagt opp i tett kontakt med industripartnarar om fokus på særleg interessante branntekniske problemstillingar.

    Primært undervisningsspråk i utdanninga er engelsk. Det er mogleg å ta utdanninga på deltid.

    Click "English" on the top of the page to the right to read this in English.