Forkurs i matematikk for opptak til lærarutdanning

Opptakskrava til grunnskulelærar- og lektorutdanning er slik at du må ha minimum 35 skulepoeng og eit karaktergjennomsnitt på minst 3 i norsk og 4 i matematikk. I matematikk er det gjennomsnittskarakteren for fellesfaget 1P/1T + 2P/2T frå vidaregåande skule (224 timar), som må vere minimum 4. Du dekker også karakterkravet i matematikk dersom du har minimum karakteren 2 i eit av følgjande programfag: S1, S2, R1 eller R2 (140 timar).

Dersom gjennomsnittskarakteren din i matematikk ligg mellom 3 og 4, kan du melde deg på forkurs og søke om betinga opptak. Du finn meir informasjon og lenke til påmelding på den nasjonale sida for forkurset i matematikk på Universitetet i Agder sine nettsider. Der finn du også lenke til Samordna opptak.

Forkurs i matematikk ved HVL

Sommarkurs ved HVL i 2019:

  • Påmeldingsfrist: 27. juni 2019
  • Kurs i perioden 01.-26. juli 2019
  • Avsluttande prøve 29. juli 2019
  • Utsett prøve 21. august 2019

Alle høgskular som tilbyr lærarutdanning er forplikta til å halde forkurs i matematikk for opptak til lærarutdanninga. Du kan sjølv velje kva for ein institusjon du vil ta kurset ved, uavhengig om det er her du har søkt deg inn. HVL tilbyr forkurs i Sogndal, Bergen og på Stord. Du må ta prøven på den campusen du vel å ta forkurset ved.

Det er Metis privatistskole i Bergen som er ansvarleg for undervisninga i forkurset ved HVL. Det er ikkje obligatorisk oppmøte på kurset, men vi oppmodar alle om å delta for å få fullt utbytte av kurset. Oppstartsdato er 1. juli 2019.

Dagsplan

Her er dagsplanen for kvar dag av sommarkurset (med unntak av første dag, då startar streaminga kl 1015 etter HVL si eiga infoøkt).

Streaming av forelesningane er delt i tre deler med faste tider kvar dag.

  • 0915-1000 del 1
  • 1015-1100 del 2
  • 1115-1145 del 3
  • 1145-1215 lunch
  • 1215-1415 Arbeid med oppgåver på campusane Bergen og Stord (ingen streaming)

Vi ber deg om å ha med nødvendig utstyr til undervisninga, slik som skrivesaker, enkel kalkulator, gradskive og linjal, inkludert di eiga datamaskin.

Campus Bergen, Sogndal og Stord

I Bergen vil kurset gå på dagtid i lokala våre på Kronstad, i romma C224, C225 og C229, måndag til fredag i kursperioden. Der vil det vere gjennomgang av fagstoff og arbeid med oppgåver med rettleiing frå faglærar. Informasjonsmøte vil vere 1. juli kl. 09.00-10.00 på rom B115.

I Sogndal tilbyr vi ei nettbasert løysing. Det vil vere felles forelesingar for studentane i Bergen, Sogndal og på Stord, og viss du har meldt deg på i Sogndal vil du følgje undervisninga via streaming. Du vil få tilgang til rettleiing frå faglærar via nett under arbeid med oppgåver. Eksamen vil foregå i rom F208.

Stord tilbyr vi oppfølging med lærar i klasserommet 4-6 timar kvar dag. Det vil vere felles forelesingar for studentane i Bergen, Sogndal og på Stord, og viss du har meldt deg på til Stord, vil du følgje undervisninga via streaming. Etter fellesforelesingane kan du jobbe med oppgåver saman med lærar og medelevar i rom UND142. Det blir mogleg å ta del i kartlegging med tanke på kva nivå du ligg på. Informasjonsmøte vil vere 1. juli kl. 09.00-10.00 på rom UND142.

Alle studentar vil få tilgang til nettressursar i matematikk 1P og 2P, og få grundig opplæring i GeoGebra, eit digitalt verktøy som skal brukast på den nasjonale prøven. GeoGebra er gratis, men du må ha berbar PC/Mac til undervisninga. I starten av kurset og undervegs vil Metis gjennomføre kartleggingsprøver for at du skal vite kva kompetansemål du beherskar og kva du må jobbe meir med.

Prøve 29. juli

Prøven byrjar klokka 9.00, varar i 5 timar og består av to delar. Du finn informasjon om prøven i prøverettleiinga.

Du kan også finne tidlegare oppgåver på dei nasjonale sidene om forkurset

I Bergen blir prøven arrangert i rom C224 og C225. Du må ta med di eiga datamaskin. På eksamensdagen blir det delt ut minnepinne til alle kandidatane og høgskulen hjelper til med å ta utskrift av del 2 når du er ferdig.

I Sogndal blir prøven blir arrangert i rom F208. Prøven skal gjennomførast på Høgskulen sine datamaskiner. Hjelpemiddel til bruk under del 2 må difor lagrast på minnepinne og takast med. Høgskulen hjelper til med å ta utskrift av del 2 når du er ferdig.

Stord blir prøven blir arrangert i Gymsalen. Du må ta med eigen datamaskin. På eksamensdagen blir det delt ut minnepinne til alle kandidatane og høgskulen hjelper til med å ta utskrift av del 2 når du er ferdig.

Søknad om særskilt tilrettelegging ved avsluttande prøve

Frist for søknad om særskilt tilrettelegging ved avsluttande prøve er 8. juli 2019. Søknad skal sendast til eksamen.bergen@hvl.no. Hugs å legge ved dokumentasjon til søknaden.

Karakterskala

Karakteren på prøven er bestått/ikkje bestått. Resultata fra prøven blir kunngjort til kandidaten frå Samordna opptak. Klagefrist på ikkje bestått prøve er 1 veke.

Søknadsprosedyre, påmelding og opptak

Alle søkarar til grunnskulelærar- eller lektorutdanning som fyller kravet kan ta forkurset i matematikk. Opptakskravet til kurset er at du har gjennomsnittskarakter i matematikk mellom 3 og 4, og elles fyller opptakskrava til lærarutdanninga. Berre søkarar til grunnskulelærar- eller lektorutdanning kan melde seg på.

Du kan søke om studieplass ved grunnskulelærarutdanninga via Samordna opptak i perioden 1. februar–15. april.

Dersom du har lærarutdanning som eit alternativ i søknaden din på Samordna opptak, vil du få informasjon frå Samordna opptak om korleis du melder deg på kurset. Dersom du fyller opptakskrava til grunnskulelærarutdanning, men har gjennomsnittskarakter i matematikk mellom 3 og 4, kan du få tilbod om betinga opptak til lærarutdanninga. Du må då bestå forkurset for å kunne begynne på utdanninga.

Fordi forkurset begynner allereie før hovuddopptaket ca 20. juli, vil du ikkje vite om du har fått betinga opptak før du er godt i gong med forkurset. Dersom du får tilbod om ønska studieplass i hovudopptaket, må du passe på å takke «ja» til dette. Resultatet av forkurset tel ikkje med i rangeringa av søknaden, og gir ikkje uttelling dersom du søker andre studium.

Prøven blir gjennomført på campus 29. juli. Ver merksam på at du må ta prøven på den campusen du har meldt deg på.

Dersom du består forkurset og har fått betinga studieplass ved HVL, vil du kunne begynne på lærarutdanninga når undervisninga startar opp i august.

Støtte frå Lånekassen

Forkurset er gratis og gir rett til støtte frå Lånekassen.