Friluftsliv

Bachelor

Vil du ha ein jobb der du kan vere ute i naturen? Med ein bachelor i friluftsliv får du dei kunnskapane og ferdigheitene som trengst for å formidle natur- og meistringsglede til andre menneske.

Kvifor velje bachelor i friluftsliv?

Ved campus Sogndal har du den flotte naturen rett utanfor døra. Som friluftslivstudent får du bruke fjorden og fjella som ein naturleg del av utdanninga di, mellom anna gjennom fordjuping i aktivitetar som ski, klatring, havkajakk og brevandring.

Gjennom teori, praksis og ekskursjonar får du ei utdanning som gjer at du kan inspirere andre og gje gode naturopplevingar til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.

Den korte vegen til Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen, lang snøsesong og gode lærings- og treningsfasilitetar på campus, dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i utdanninga.

Gjennom studiet lærer du

  • å planlegge og gjennomføre turar i ulike miljø (padling, klatring, ski, bre og fotturar)
  • å tilpasse turar for ulike grupper og med ulike ferdigheiter
  • grunnleggande praktiske ferdigheiter i friluftsliv sommar og vinter
  • om teoretisk perspektiv på friluftslivets historie, friluftsliv i dagens samfunn, naturfilosofi, friluftslivspedagogikk og -forvaltning.
  • å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåver

Søke opptak direkte til 2. studieår?

Har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller anna relevant utdanning, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.

Praksis i friluftsliv

Studiet inneheld ein praksisperiode. To veker andre studieår som er knytt til friluftslivsundervisning i skulesamanheng og bruk av friluftsliv i institusjonssamanheng knytt til fysiske- og psykiske helseutfordringar.

Meir informasjon om praksis i friluftsliv 

Vil du studere meir?

Etter fullført bachelor kan du ta master i idrettsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet eller søke master ved andre institusjonar. Med masterutdanning kan du også ta praktisk-pedagogisk utdanning ved HVL og dermed bli kvalifisert til jobb i skuleverket. Etter fullført master kan du også søke opptak til eitt av doktorgradsprogramma ved HVL.

Utveksling

Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Kor kan du reise?

Samarbeidspartnere i Norden

Danmark

Sverige

Finland

  • University of Jyväskylä
  • Haaga-Helia University of Applied Sciences

Island

Litauen

Latvia

  • Latvian Academy of Sport Education