Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn i Bergen

Som lærar for 1.-7. trinn opnar du dører inn til ei heilt ny verd med læring for unge, nysgjerrige elevar. I tillegg til å vere kunnskapsrik, skal du også vere ein god rollemodell og motivator. Begynnaropplæring og kontaktlærarrolla har eit særskilt fokus i utdanninga di. Som grunnskulelærar får du eit variert, meiningsfullt og spennande yrke!

Den femårige masterutdanninga er ei integrert, forskingsbasert og praksisnær utdanning.

Obligatoriske fag er pedagogikk og elevkunnskap (PEL), norsk og matematikk. Du vel eitt fag når du søker opptak til studiet og eitt fag til i tredje året av utdanninga.

Aktuelle masterfag på campus Bergen kan vere undervisningsfag, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.

Oppbygging av studiet

Studieprogramplan

1. studieår

Du har pedagogikk og elevkunnskap (PEL), norsk (fag 2), matematikk (fag 3) og faget du kom inn på gjennom Samordna opptak (fag 1). Fag 1 kan vere:

2. studieår

Du held fram med fag 1, PEL, norsk (fag 2) og matematikk (fag 3).

3. studieår

  • Haustsemesteret: Du vel eit nytt fag – fag 4. Du kan velje mellom undervisningsfag, skulerelevante fag, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.
  • Vårsemesteret: Her vel du del 2 av enten norsk, matematikk eller fag 1. 

4. studieår

Dei to siste åra av utdanninga har du PEL og masterfaget du har valt, enten eit undervisningsfag eller eit pedagogisk fag. Hausten fjerde år har du fordjuping i masterfaget og våren har du masterfag og PEL.

5. studieår

Du held fram med PEL og skriv masteroppgåve.

Studiet har krav om politiattest

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, rollespel, case med meir. Arbeidsformene er praktiske, varierte, utfordrande, munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Retningslinjer for føring av fråvær

Praksis

Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga. 

Kor kan du jobbe?

Lærar og kontaktlærar i 1.-7. trinn i grunnskulen.