Ettergiving av studielån

Startar du på lærarutdanning hausten 2017 eller seinare, og fullfører på normert tid? Då kan du få ettergitt inntil halvparten av studielånet.

Mest pengar får du som tar grunnskulelærarutdanning for 1. til 7. trinn.

Ordninga for sletting av studielån er tredelt:

  1. Om lag 50 000 kroner til studentar som fullfører femårig lærarutdanning på normert tid. Dette gjeld grunnskulelærar 1-7, grunnskulelærar 5-10 og lektorutdanning.
  2. Om lag 55 000 kroner i tillegg, for studentar som fullfører femårig grunnskulelærerutdanning 1-7 på normert tid.
  3. Om lag 55 000 kroner til studentar som fullfører femårig lærarutdanning og deretter tar lærarjobb i Nordland, Troms eller Finnmark. Ettergivinga blir innvilga uavhengig av dei to punkta over, og krev ikkje at du tar utdanninga på normert tid.

Les meir om ordninga på kunnskapsdepartementet.no