Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn på Stord

Som lærar for 5.-10. trinn vidareutviklar du dei grunnleggande ferdigheitene til elevane. Grunnskulelærarar har eit meiningsfullt og spennande yrke, med ein variert kvardag.

På 5.–10. trinn har du ansvar for å legge til rette for ei fordjuping i dei ulike skulefaga. Du skal også vidareutvikle elevane sine ferdigheiter i lesing, skriving og rekning, i tillegg til munnleg kompetanse og digitale ferdigheiter

Oppbygging av studiet 


1. studieår 

2. studieår 

  • Du fortset med  PEL, Fag 1 og Fag 2. 

3. studieår 

  • Du vel eit nytt fag, fag 3. Du kan velje mellom undervisningsfag, skulerelevante fag, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk. I tillegg fortset du med fag 1.

4. studieår

  • Du fortset med PEL. I tillegg vel du masterfaget ditt. Du kan velje mellom Matematikk, Norsk, Musikk eller Kunst og handverk.

5. studieår 

Undervisningsmåtar 

Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, rollespel, bruk av case og andre metodar. Arbeidsformene er praktiske, varierte og utfordrande, og både munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet. 

Praksis 

Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar. 

Du kan reise på utveksling i 3. semester, 5. semester og 6. semester.

I 3. semester er det mogeleg å reise på utveksling i andre del av fag 2. Pr no er det utvikla utvekslingstilbod i fag 2 for engelsk (York) og matematikk (København). Her vil det kome tilbod i fleire fag etter kvart.

I 5. semester er det mogeleg å reise på utveksling i skulerelevante fag. Praksisen i dette semesteret vert avvikla enten før eller etter utveksling. HVL har ei rekke utvekslingsavtalar som kan nyttast i 5. semester.

I 6. semester er det mogeleg å reise på utveksling i fag 1 eller 3. Dette semesteret er det både praksis og ei FoU-oppgåve inkludert i semesterplanen. Fagmiljøa er i gang med å kvalitetssikre gode utvekslingsavtalar der det er mogeleg å ta praksis og skrive ei FoU-oppgåve. Meir informasjon om kor ein kan reise i 6. semester på dei ulike faga kjem.

Kva kan du jobbe med? 

  • Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid med barn og unge på 5.-10. trinn. 
  • På 5.-7. trinn kan du undervise i alle fag, bortsett frå norsk, matematikk og engelsk, der du må ha minst 30 studiepoeng (sp).  
  • På 8.-10. trinn må du ha minst 60 sp. for å undervise i norsk, matematikk og engelsk. I andre undervisningsfag må du ha minst 30 sp. 
  • Du finn også lærarar i mange andre yrke, som vaksenopplæring og skuleadministrasjon, i frivillige organisasjonar, informasjonsarbeid eller fagpolitisk arbeid.