Kvinnelig student klatrar inne i klatreveggen.

Idrett, friluftsliv og folkehelse

Vil du vere med å utvikle morgondagens helse- og velferdstenester? Med ei utdanning innan idrett, friluftsliv eller folkehelse lærer du å sjå samanhengar mellom livsstil og helse, og å gi gode naturopplevingar og tilpasse trening til menneske i alle aldrar.

Ved Høgskulen på Vestlandet får du studere i eit aktivt miljø, tett på naturen og med dyktige og engasjerte lærarar og forskarar. 

Bachelor

Med ei bachelorgrad innan idrett, friluftsliv eller folkehelse frå Høgskulen på Vestlandet får du ein unik kompetanse som gir deg mange spennande jobbmoglegheiter.

Frå 2022 tek vi ikkje opp nye studentar på faglærar i kroppsøving og idrettsfag, men du kan søke opptak til vår nye femårige Kroppsøving og idrettsfag - Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13

Søke opptak direkte til 2. studieår friluftsliv og idrett, trening og helse? 

Har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller anna relevant utdanning, kan du søke opptak direkte til 2. studieår på desse to bachelorutdanningane. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.

Søke opptak til 3. studieår i utgåande bachelorutdanningar?

Har du 1. og 2. studieår i idrettsvitskap, friluftsliv eller tilsvarande, kan du søke opptak direkte til 3. studieår i bachelor i friluftslivbachelor idrett, fysisk aktivitet og helse eller bachelor i idrett og kroppsøving. Studentar frå andre høgskular/universitet kan óg søke opptak 3. studieår. Du søker opptak/overflytting til 3. år gjennom vår Søknadsweb.

Søke opptak direkte til 2. studieår i faglærar kroppsøving og idrettsfag?

Har du årsstudium i kroppsøving/idrett eller tilsvarande med tre vekers rettleia grunnskulepraksis, kan du søke opptak til 2. studieår i faglærar kroppsøving og idrettsfag. Du søker opptak/overflytting gjennom vår Søknadsweb.

Årsstudium

Høgskulen på Vestlandet tilbyr også årsstudium. For studieåret 2022-2023 kan du velge idrett/kroppsøving på Stord eller PT i Sogndal. 

Master

Hausten 2022 startar den femårige lærarutdanninga innan praktiske og estetiske fag.

Ønskjer du å bygge på bachelorutdanninga di, har Høgskulen på Vestlandet fleire to-årige masterprogram innan idrett, friluftliv og folkehelse.

Ph.d.-program

Ph.d.-studiet er ei treårig forskarutdanning for deg som ønskjer å kvalifisere deg for vitskapleg arbeid og forsking på høgt internasjonalt nivå.

Halvtårsstudium

Vi har også fleire internasjonale utdanningsprogram som går over eit halvår.