Fire studentar som spring ute på graset

Idrett og kroppsøving

Årsstudium

Vil du jobbe med kroppsøving i skulen eller med idrett? Kroppsøving, friluftsliv, ulike idrettar, motorikk, dans og leik er nokre av temaa i dette praktisk retta årsstudiet i idrett/kroppsøving.

Studiet har ikkje opptak i 2023. 

Gjennom studiet lærer du om:

  • læring, vekst og utvikling
  • kropp og trening
  • idrett og helse
  • kropp, kultur og samfunn
  • leik, ballspel, friluftsliv, ski, dans, symjing, livberging og andre bevegelsesaktivitetar
Få et innblikk i studiet på vår Instagram-konto!

Praksis i årsstudium idrett/kroppsøving

Du har 15 dagar praksis i grunnskule/SFO. I tillegg har du idrettspraksis i eit idrettslag og er med og arrangerer aktivitetsdag på campus for menneske med funksjonsnedsettingar. Les meir om praksis i denne lenka.

Ein av Noregs vakraste campus ligg på Stord!  Her kan du bu på sjølve campus og starte dagen med eit friskt morgonbad og ein rykande fersk kaffi i hagen.

Vil du studere meir?

Etter fullført årsstudium kan du søke direkte til 2. år på desse bachelorutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet:

Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.

Etter endt bachelorgrad og mastergrad kan du søke deg vidare på årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning (karakterkrav C) og bli kvalifisert for å undervise frå 5.- til 13. trinn.