Idrett

Likar du å vere fysisk aktiv? Med årsstudium i idrett (Sogndal) og idrett/kroppsøving (Stord) får du utfalde deg gjennom eit variert aktivitetstilbod og du lærer korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitetar i kroppsøvingsfaget og i idretten.

Årsstudium i idrett og idrett/kroppsøving dannar grunnlag for å fortsette på ei av våre bachelorutdanningar innan kroppsøving, friluftsliv eller idrett, fysisk aktivitet og helse.

Ta idrettsutdanning i Sogndal eller på Stord