IKT i læring

Master

IKT i læring er eit tverrfagleg masterstudium for pedagogar og lærarar. Bruk og integrering av IKT i pedagogisk praksis og teori står sentralt i studiet.

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Du må oppfylle eitt av følgjande opptakskrav:

    • 3- eller 4-årig lærarutdanning
    • Bachelorgrad innanfor lærarutdanning eller tilsvarande utdanning
    • Fullført og bestått dei første tre åra inkl. bacheloroppgåva i grunnskulelærarutdanninga.

    Karakterkrav: Eit snitt på minimum C frå heile opptaksgrunnlaget.

    Vi tar ikkje opp nye studentar. Vi tok opp det siste kullet i 2020, og frå våren 2021 overtok det nye masterprogrammet Praktisk utdanningsvitskap.

    IKT i læring kan gjennomførast på heiltid (2 år) eller på deltid (3 år).

    Du kan velje mellom følgjande profilar/faglege fordjupingar: 

    • Teknologisk orientert profil, med vekt på korleis digitale verktøy blir brukt i enkeltfag. Her kan du fordjupe deg i utviklinga av digitale læremiddel og utvikling av nettstøtta læringsmiljø.
    • Allmenndidaktisk profil med vekt på pedagogisk utviklingsarbeid, der fordjuping kan knyttast til utviklingsarbeid innan skuleleiing, skuleutvikling, rettleiing, tilpassa opplæring eller andre relevante pedagogiske og/eller tverrfaglege tema.

    Vil du studere meir?

    Fullført utdanning kvalifiserer for opptak til ph.d.-studium.