Klinisk sjukepleie - Stomisjukepleie

Denne vidareutdanninga gir deg som sjukepleiar spesialkompetanse i å ivareta pasientar i alle aldersgrupper som på grunn av urologisk, gastroenterologisk, gynekologisk eller nevrologisk grunnsjukdom må leve med stomi, reservoar, fistlar, dren, avføringsproblem/dysfunksjonar i bekkenbotnen eller percutan ernæringssonde.

Vi tar ikkje opp nye studentar i 2019.

Nye moglegheiter for behandling fører med seg store utfordringar som krev samarbeid og koordinering for å oppnå kvalitet, tryggleik og tilgjengelegheit i helsetenestene.

God fagutøving krev evne til å integrere tilgjengeleg kunnskap frå forsking med erfaringsbasert kunnskap, kombinert med brukarkunnskap. 

kobler til stomipose

Om utdanninga

Målgruppa er sjukepleiarar som arbeider med dei nemnte pasientgruppene i sjukehus, i primærhelsetenesta eller innan andre relevante helsetenestetilbod i Noreg og Norden. 

I utdanninga vil du lære meir om ulike sjukdomstilstander som kan leie til stomi, reservoar, gastrostomi, eller ved oppståtte fistlar eller dysfunksjonar i bekkenbotn. Du lærar og om ulike medisinske, kirurgiske, ev. onkologiske og nyare behandlingsalternativ som kan vere aktuelle for pasientgruppa.

Du får eit breitt spekter av spesialkunnskap om dei omtala pasientgruppene, slik at du skal kunne forberede, pleie, behandle, støtte og rettleie pasientane i relasjon til så vel fysiske, psykiske, sosiale, seksuelle som kulturelle utfordringar. 

Organisering av utdanninga

Studiet gir 60 studiepoeng og er organisert som eit deltidsstudium over tre semester, fordelt på ni vekesamlingar. Studiet er organisert med to fagspesifikke emne og to fellesemne for alle spesialitetane.

Undervisningsmåtar

Vi legg vekt på varierte undervisningsformar der målet er å øve opp praktiske ferdigheiter, haldningar og kunnskapar. Dette vert oppnådd gjennom forelesingar, gruppearbeid, simulering og sjølvstudium. Noko av undervisninga vil vere på nett.

SimArena

SimArena er vårt nye simuleringssenter i Bergen, med 35 laboratorium med topp moderne medisinsk-teknisk utstyr.

Kliniske studiar

I løpet av studiet har du 150 timar kliniske studium. Tre veker av dei kliniske studia skal takast samanhengande på stomipoliklinikk saman med utdanna stomisjukepleiar for å fordjupe deg innan spesialiteten.

Kvalifiserer til

Når du har gjennomført studiet, vil du vere kvalifisert til å arbeide som stomisjukepleiar i den direkte kliniske pleia, men også indirekte som rettleiar og undervisar for pårørande og anna helsepersonell. Arbeidsstader kan vere m.a. kirurgisk/gynekologisk/nevrologisk avdeling, stomipoliklinikk eller anna poliklinisk oppfølging, men også primærhelsetenesta og andre relevante helsetenestetilbod.

Dato for samlingar

  • Vår 2019:  veke 4–5, 13 og 19
  • Haust 2019: veke 36 og 47
  • Vår 2020: veke 5, 12 og 23

Vi begynner mandager kl. 10:15 og avslutter fredager kl. 14:00.