Klinisk sjukepleie - Uroterapi

Denne vidareutdanninga gir deg som sjukepleiar spesialkompetanse innan uroterapi og har som mål å gi økt handlingskompetanse innan uroterapi.

Sjukdom og funksjonsforstyrringar i urinvegane kan ramme kvinner og menn frå nyfødde til dei skrøpelegaste eldste, og mange må forholde seg til ein endra livssituasjon i lang tid.

Medfødde eller medisinske tilstandar, eller operative inngrep kan vere årsak til sjukdomen eller funksjonsforstyrringa. Pasientane treng forståing for psykologiske aspekt ved å leve med kronisk og/eller alvorlig sjukdom.

Om utdanninga

Målgruppa for utdanningaer sjukepleiarar som arbeider med pasientar med sjudommar eller funksjonsforstyrringar i dei nedre urinvegane i sjukehus, i primærhelsetenesta, eller innan andre relevante helsetenestetilbod i Noreg og Norden.

Uroterapeuten må kunne rettleie, undervise og gi råd i forbindelse med akutt og kronisk sjukdom og funksjonsforstyrring, og i bruk av utstyr og medikament, samt å sikre at behovet for eliminasjon blir tatt hand om.

Uroterapeuten skal kjenne til teknikkar for å redusere fysisk og psykisk smerte, og bidra til at pasient og pårørande best kan tilpasse sin situasjon til det sosiale liv.

Du får spesialkompetanse i uroterapi slik at du:

  • kan informere, rettleie, behandle og følge opp pasientar med sjukdom og funksjonsforstyrringar i urinvegane, og dei pårørande til pasientane.
  • har kunnskap om korleis sjukdom kan førebyggast, kva slags komplikasjonar sjukdom kan føre med seg og korleis helse, meistring og livskvalitet kan fremjast.

Organisering av utdanninga

Studiet gir 60 studiepoeng og er organisert som eit deltidsstudium over tre semester, fordelt på ni vekesamlingar. Studiet er organisert med to fagspesifikke emne og to fellesemne for alle spesialitetane.

Undervisningsmåtar

Vi legg vekt på varierte undervisningsformar der målet er å øve opp praktiske ferdigheiter, haldningar og kunnskapar. Dette vert oppnådd gjennom forelesingar, gruppearbeid, simulering og sjølvstudium. Noko av undervisninga vil vere på nett.

SimArena

SimArena er vårt nye simuleringssenter i Bergen, med 35 laboratorium med topp moderne medisinsk-teknisk utstyr.

Kliniske studiar

I løpet av studiet skal du gjennomføre 150 timar kliniske studiar for å kunne fordjupe deg innan spesialiteten.

Kva blir du kvalifisert for?

Når du har gjennomført studiet, er du kvalifisert til å arbeide som spesialsjukepleiar i uroterapi i sjukehus, i primærhelsetenesta og innan andre relevante helsetenestetilbod.

Samlingar

  • Vår 2019: veke 4–5, 13 og 19
  • Haust 2019: veke 36 og 47
  • Vår 2020: veke 5, 12 og 23