Læreplanforståing og vurdering for læring (2)

På dette studiet vil du få vidareutvikle din kompetanse til å analysere og iverksetje læreplanverket (fagfornyinga). Studiet vil òg fokusere på korleis du kan leggje til rette for elevane si læring og sikre djupnelæring, gjennom undervegsvurdering og vurdering for læring.

Føremålet med studiet er å gjere deg betre i stand til å analyse og implementere læreplanverket, med særskilt fokus på vurderingsarbeid. I studiet vil du mellom anna arbeide med overordna del av læreplanverket, djupnelæring, tverrfaglege tema, undervegsvurdering og kjerneelement i programfaga.

Utprøvingar av metodar og arbeidsmåtar i eigen praksis er ein viktig del av studiet. Det er òg eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på arbeidsplassen din.

Emnet byggjer på Vurdering for læring 1, og med tematisk overlapp med emne Vurdering for læring og klasseleiing 2 på 20 prosent (2017-2019).

Ynskjer du å ta både «Vurdering for læring i yrkesfag (1)» og «Læreplanforståing og vurdering for læring (2)» kan søke på: «Vurdering for læring i yrkesfag modul 1 og 2» på Udir sine søkesider. Då blir det eitt studium på 30 stp. med to moduler à 15 stp.

Vikar- eller stipendordning

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing «Yrkesfaglærarløftet». Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.  Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Undervisningsmåtar

Arbeidsformene i studiet vil veksle mellom introduksjonar til ulike tema, gruppearbeid, nettverksgruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Utprøving og bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer i vurderinga og som du kan bruke med dine elevar vil òg bli vektlagt. Studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, og legg opp til høg deltakartaktivitet.

Tilbodet er delvis nettbasert med to samlingar og ei nettbasert samling.

Tidspunkt for samlingar

Samlingar for deg som tek kurset våren 2021: Måndag og tysdag i veke 4, 10 og 15. Med forbehold om endringar grunna smittevernstiltak.

Samlingar for deg som tek kurset våren 2022: Måndag og tysdag i veke: 4, 10 og 14