Læringsleiing, relasjonskompetanse og elevmedverknad

Dette er ei vidareutdanning for deg som er yrkesfaglærar. Du vil få innføring i nyare teoriar og metodar for rettleiing, læringsleiing og elevmedverknad og relasjonskompetanse.

Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon, læringsleiing, samspel og læringsmiljø i ei mangfaldig elevgruppe. Det er eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på skulen til deltakarane.

Studiet er ein del av Utdanningsdirektoratet si satsing Yrkesfaglærarløftet.

Gjennom studiet får du:

  • innføring i rettleiingsrolla og ulike rettleiartradisjonar
  • vidareutvikle forståing for korleis ulike perspektiv på læring har følgjer for rettleiinga til elevar i ulike livssituasjonar
  • lære om sentrale trekk i kommunikasjonen i læringsdialogar med enkeltelevar og elevgrupper
  • lære om etikk og makt i rettleiing og undervisning
  • ferdigheiter i å tilpasse opplæringa til elevar med ulike behov og føresetnader
  • øve på relasjon- og samspeldynamikkar i elevgrupper og mellom elevar og lærarar
  • lære om etiske omsyn og regelverk knytt til bruk av digitale læringsverktøy i skulen

Undervisningsmåtar

Tilbodet er delvis nettbasert med 3 samlingar og 2 digitale nettverkssamlingar, digitale nettverksgrupper mellom samlingane, styrt av studentane og med rettleiing frå HVL.

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer, og innhald og arbeidsmåtar i studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane deltar studentane i digitale nettverksgrupper, der det vert drøfta utprøvingar av metodar og verktøy knytt til læringsleiing, rettleiing og elevmedverknad. HVL brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform.

Samlingar hausten 2020: Onsdag og torsdag i veke36, 39 og 46.

Med forbehold om endringar grunna smittevernstiltak.

Tidspunkt for munnleg eksamen blir fastsett i samråd med skuleleiinga og studentane.