Masterstudium «kunst, kultur og kreativitet i barnehagen»

Fagprofil: Kunst, kultur og kreativitet i barnehagen

To barn i et tre
Foto: Øyvind Sætre

I profilemnet ‘Kunst, kultur og kreativitet i barnehagen’ vektlegg ein ulike former for skapande arbeid og uttrykk og ulike pedagogiske og kunstfaglege forskingstradisjonar. Studenten skal bli kjend med sentral teori om didaktikk, estetikk, kultur, danning, læring og utvikling knytt til kunnskapsområda i barnehagefeltet.

Det vert lagt vekt på at teori vert knytt opp mot eigepraktisk skapande arbeid gjennom drama, formidling, kunst og handverk, musikk og norsk. Ei analytisk tilnærming til tekstar og performative uttrykk vil også stå sentralt. Studiet er organisert slik at studentane gradvis innrettar seg mot det som skal bli tema for masteroppgåva.