Masterstudium «Kreative fag og læreprosesser»

Fagprofil: Kunst og handverk

Grafisk dekorelement

 

I kunst- og håndverksprofilen er det vekt på kunst- og håndverksfaga sin didaktikk, arbeidsmåtar, teori og forskningstradisjonar. Det er eit grunnleggende trekk ved studiet at teori blir knytt til studentane sitt eige arbeid med praktiske skapande oppgåver i ulike materialer.

Begge kunst- og håndverksemna avsluttast med ei studentutstilling og innlevering av tilhøyrande skriftlig refleksjon. Studiet er organisert slik at studentane gradvis rettar innsatsen sin mot det som skal bli tema for masteroppgåva. Profilemna i kunst og håndverk avsluttast derfor med eit stort sjølvvalgt praktisk prosjekt relatert til tema for det komande masterarbeidet.