Masterstudium «Kreative fag og læreprosesser»

Fagprofil: Musikk

Person med cymbal foran murvegg
Foto: Øyvind Sætre

Ein viktig arbeidsmåte i profilfaget musikk er koplinga mellom praktisk kunstnarleg arbeid og refleksjon knytt til litteratur og eigne arbeidsprosessar. Studentane arbeider med ulike tema frå musikkdidaktisk teori og praksis, samt kulturteori og estetikk.

I musikkemna vil studentane skape og framføre musikk, gjennomføre feltarbeid knytt til musikkopplæring, arbeide med aktuell forskingslitteratur og produsere tekstar i form av til dømes oppgåver, blogginnlegg og kronikkar.

På deler av den andre studiesamlinga i haustsemesteret (1.år) deltek musikkstudentane på forskarskuleseminar i regi av Grieg Research School of Interdisciplinary Music Studies, der dei får oppdatert påfyll frå forskingsfelt innan musikkpedagogikk, musikkutøving og musikkterapi.