Spesialpedagogikk

Master

Ønskjer du å vidareutvikle den spesialpedagogiske kompetansen din? Gjennom master i spesialpedagogikk tileignar du deg yrkesretta kunnskap om spesialpedagogikk som profesjonsfag og forskingsfelt. Studiet har både eit livsløpsperspektiv og eit forebyggande perspektiv.

Vi tar ikkje opp nye studentar i 2021.

Du lærer om:

  • lese- og skrivevanskar, språkvanskar og psykososiale vanskar for brukarar i ulike aldrar
  • ulike kartleggingsverktøy
  • grunnleggande rettleiingsmetodar
  • vitskapsteori og metode

Studiet er delt inn i fire emneområde:

  • Spesifikke lærevanskar
  • Rettleiing
  • Vitskapsteori og metode
  • Masteroppgåve med fordjupning i eit sjølvvalt tema knytt til fagområdet spesialpedagogikk

I dei to første emna har du til saman 20 dagar feltarbeid. Dette kan foregå ved barnehagar og skular som HVL har samarbeidsavtale med, andre relevante institusjonar eller eigen arbeidsplass.