Oppfriskingskurs i matematikk for nye ingeniørstudentar

Mange studentar følar at dei treng ei oppfrisking av matematikkunnskapane før dei startar på det første matematikkurset på ingeniørutdanninga. Det kan vere fleire år sidan dei tok eksamen, eller det kan vere delar av pensum i R1/R2 (2MX/3MX) dei er usikre på.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og NITO Studentene HVL Bergen har dirfor gått saman for å tilby eit repetisjonskurs i veka før semesterstart for nye studentar. Kurset er gratis og ope for alle nye ingeniørstudentar og studentar ved informasjonsteknologistudiet ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Bergen.

Kurset er eit to-dagars kurs, torsdag 8. august og fredag 9. august kl 09:00–14:15. Det vil vere lunsjpause begge dagane 11:30. Kurset vil bli heldt på var campus på Kronstad (Inndalsveien 28). 

Kurset vil blant anna ta for seg desse emna:

  • Grunnleggande algebra
  • Funksjonar og grafar
  • Trigonometri
  • Eksponentrekning
  • Løysing av likningar

I tillegg til det reint reiknetekniske, vil vi også prøve å bygge forståing for konsepta.

Du får lenkje til påmelding når du får tilbod om studieplass ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap.