Praktisk-pedagogisk utdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei lærarutdanning for deg som allereie har ei yrkesfagleg utdanning eller eit fagstudium, og treng formell pedagogisk kompetanse for å undervise.

Studieprogramma for allmenne fag og yrkesfag har ulike rammeplanar og retningslinjer, men begge utdannar i hovudsak lærarar til den vidaregande skulen og ungdomsskulen.

Manglar du mastergrad? Kravet om mastergrad gjeld ikkje for deg som vil søke opptak til PPU for yrkesfag. Vil du ta praktisk-pedagogisk utdanning innan praktisk-estetiske fag (som musikk og idrett) eller teiknspråk, er du kvalifisert med bachelorgrad. Dei øvrige profilane innan PPU allmennfag har mastergrad som opptakskrav.

PPU i Bergen, Sogndal og på Stord

I Sogndal og på Stord tilbyr vi PPU for allmenne fag.

Vil du ta PPU for yrkesfag, kan du søke om opptak på Stord, i Sogndal eller i Bergen.