
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag | heltid
Årsstudium
Har du lyst til å bli lærar? Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for allmenne fag er eit studium for deg som treng pedagogisk kompetanse for å undervise i fag du allereie har utdanning i.
Kvifor ta PPU?
Behovet for lærarar er stort. Denne utdanninga gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke med god startløn. Som lærar får du ein meningsfylt, variert og sosial arbeidskvardag der du kan bruke mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fodjupe deg i spanande fagområder og ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.
Studiet består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng fagdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:
- Leiing av læreprosessar
- Skulen i samfunnet
Dette heiltidstudiet er lagt til campus Sogndal. (Vil du heller ta studiet på deltid, kan du ta studiet på Stord eller i Sogndal.)
Vi tilbyr desse fagprofilane på heiltidsstudiet i Sogndal
- Kroppsøving/idrett
- Samfunnsfag
Dersom det ikkje blir nok søkarar innan dei enkelte profilane, blir ikkje desse starta opp.
Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden.
Kva kan du jobbe med?
Utdanninga gir undervisningskompetanse frå 5. trinn i grunnskule, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse du har i botn.
Praksis
Praksisopplæringa har eit omfang på 60 heile arbeidsdagar Du tileignar deg praktisk erfaring med læringsteoriar og pedagogiske fenomen som blir tatt opp i dei to teoretiske emna i studiet.
Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Praksis skal vere rettleia, og du vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar og lærar frå HVL deltar.
Her finner du informasjon om praksis og praksisperiodar.
Vanlige spørsmål og svar
Må fordjupingsfaget vere ein del av mastergraden min?
Det er ikkje krav om at undervisingsfaget du søker opptak til inngår i sjølve mastergraden. Du kan eksempelvis ha master i nordisk, og eit årsstudium i samfunnsfag, og sånn kvalifisere opptak til PPU-A samfunnsfag.
Kan eg undervise i andre fag enn det eg tar i PPU?
Etter fullført PPU-A har du undervisingskompetanse frå 5. trinn og oppover. Då er hovudregelen at du må ha 60 stp innan fagområdet du vil undervise i. Det er arbeidsgjevar som vurderer denne kompetansen. Sjå UDIR for meir informasjon om lærarkompetanse.
Kan eg ta PPU i fleire undervisningfag?
Ved Høgskulen på Vestlandet kan du kun få opptak til ein didaktisk profil. Dersom du er kvalifisert for fleire enn eitt undervisingsfag, må du prioritere retninga du ønsker mest i søknaden din.
Kor lenge kan eg kvalifisere med bachleorgrad?
Opptakskravet i tredje kulepunkt er ei overgangsordning frå då krav om mastergrad ved PPU-A vart innført av Kunnskapsdepartementet. Frå og med hausten 2025 må alle som startar på PPU-A oppfylle krav om anten mastergrad, eller bachelor i utøvande / skapande kunstfag (finansieringskategori A elller B).
Spørsmål om søknadsprosess og opptakskrav
Har du spørsmål om opptakskrav, poengutrekning, dokumentasjon eller utdanning frå utlandet, finn du svar på denne sida: