
Problemåtferd
I dette emnet vil du få innsikt i forhold som påverkar problemåtferd, sosiale- og emosjonelle vanskar og korleis barnehagen og skulen kan arbeide for å førebygge og avhjelpe slike vanskar. Det vil bli tatt utgangspunkt i ein systematisk tilnærming til emneområdet som også inkluderer individperspektivet.
Spesialpedagogikk - emne A
Du får kompetanse som er relevant i arbeid med tilpassa opplæring og spesialpedagogiske tiltak. Emnet vil ta for seg det viktige ved å fremme eit godt psykososialt læringsmiljø, der det enkelte barn kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyr.
Du får innsikt i yrkesteoretisk problemstilling knytt til arbeid med problemåtferd i barnehage og skule.
Organisering og arbeidsmåtar
Fire samlingar à 2 dagar. Førelesningar, individuelt arbeid, gruppearbeid og drøftingar.
Studiekrav: 80 % obligatorisk frammøte og obligatoriske studieoppgåver, som blir presentert i semesterplan.
Vurdering: Oppgåve. Karakterskala A–F.
Samlingsdatoar hausten 2020
Samling 1, veke 34:
- Tysdag 18. august kl. 13-18 Stord
- Onsdag 19. august kl. 09-14 Stord
Samling 2, veke 37:
- Tysdag 8. september kl. 13-18 Haugesund
- Onsdag 9. september kl. 09-14 Haugesund
Samling 3, veke 40:
- Tysdag 29. september kl. 13-18 Haugesund
- Onsdag 30. september kl. 09-14 Haugesund
Samling 4, veke 45:
- Tysdag 3. november kl. 13-18 Stord
- Onsdag 4. november kl. 09-14 Stord
Individuell skriftlig eksamensoppgåve har innleveringsfrist torsdag 26. november 2020.
Med atterhald om endringar.