Programutvikling

Master

Vil du arbeide med utvikling av komplekse datasystem og programvare? Master i programvareutvikling gir deg spisskompetanse i avansert datateknologi.

Lurer du på noko om utdanninga?

Bli med på digitalt infomøte 22. mars!

Kvifor studere programutvikling?

Studiet vil gi deg eit solid vitskapeleg grunnlag og praktiske kunnskapar innan programutvikling. Du vil få ferdigheiter innanfor moderne systemutviklingsmetodar og teknologi, og kunnskap om korleis desse kan anvendast innanfor ulike domene. 

Masterprogrammet eignar seg særleg godt for deg som har dataingeniørutdanning eller ein bachelorgrad innan eit fagområde som informatikk eller informasjonsteknologi.

Studieprogrammet er ein fellesgrad med Universitetet i Bergen (UiB).

Programutvikling bruker idear og teknikkar frå informatikken til å løyse problem og utfordringar vi står overfor i verda i dag. Ein programvareutviklarar tar for seg område som:

  • optimal yting i skya  
  • behandling av vitskaplege bildedata (t.d. frå medisinske eller geologiske instrument) i sanntid 
  • utviklinga i programmeringsspråka over tid 
  • optimalisering av digitale ressursar som fleirlagskart for best yting 
  • visualisering av fleirdimensjonale data for å gjere dei enklare å arbeide med og forstå
  • utvikling av sikre databehandlingssystem som òg er etiske 

Du vil fullføre studieprogrammet programvareutvikling med brei kunnskap om moderne programutviklingspraksis og om det delområdet du har skrive masteroppgåve. Du kan:

  • utvikle, bygge og teste ganske store informasjonssystem 
  • forstå dei teoretiske, praktiske og etiske problemstillingane innanfor programutvikling og vitskapeleg forsking 
  • bruke kunnskapen på ulike område (t.d. byggeteknikk eller medisinsk bildebehandling) 
  • innovere og vidareutvikle programutviklingsfeltet

Korleis er undervisninga?

Masterprogrammet i programutvikling blir undervist som ein kombinasjon av PC-laboratoriearbeid, seminargrupper og førelesinger. Emna har vanlegvis førelesingar og grupper som basis, om lag seks timar per veke. Sjølv om det berre er obligatorisk å delta i laboratoriearbeid, rår vi deg til å vere med på alle læringsaktivitetane for å få mest mogleg ut av studieprogrammet. Undervisninga i emnet er vanlegvis på engelsk, med mindre alle studentane snakkar godt nok norsk.

I det første semesteret finn du rettleiaren din og møter forskingsgruppa di. Det andre året av emnet vil du bruke til å planlegge, gjennomføre og skrive masteroppgåva di.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Det er lagt til rette for at du kan ta eit utvekslingsopphald i løpet av studietida. Oversikt over institusjonar vi har samarbeid med finn du i lista under. 

Kor kan du reise?