Studieplan - Felles masterprogram i programutvikling

Hausten 2021

Dette studieprogrammet er en fellesgrad som tilbys av Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag ved Høgskulen på Vestlandet - Bergen (HVL) og Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen (II/UiB) i felleskap. Programmet skal gi studentane både praktiske og teoretiske ferdigheiter innan programutvikling. 

Læringsutbytte

Ein kandidat som har fullført felles mastergrad i programutvikling skal ha oppnådd følgjande læringsutbytte med omsyn til kunnskaper, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap

Kandidaten:

  • har brei kunnskap innan fagfeltet programutvikling og har djupare innsikt innan tema for masteroppgåva.
  • har grundig kjennskap til teori og metodikk som blir nytta innan programutvikling.
  • kan anvende kunnskapar, forståing og problemløysingsferdigheiter i nye kontekstar innan programutvikling.
  • kan analysere problemstillingar innan programutvikling basert på kunnskap, teknologi og samfunnsrelevans til dette fagområdet.

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan analysere og handsama kritisk ulike informasjonskjelder og bruke dei til å strukturere og formulere vitskapelege resonnement.
  • kan analysere eksisterande problemstillingar, metodar og tolkingar innan programutvikling og jobbe sjølvstendig med praktiske og teoretiske problem innan fagfeltet.
  • kan bruke passande forskings- og arbeidsmetodar på ein sjølvstendig måte.
  • kan utføre eit forskings- og utviklingsprosjekt i samsvar med gjeldande normer for forskingsetikk.
  • kan på sjølvstendig vis designe, spesifisere og programmere eit middels stort informasjonssystem.
  • kan på sjølvstendig vis analysere, teste og validere eit større informasjonssystem.

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan analysere relevante forskingsretta og profesjonsretta etiske problem innan programutvikling.
  • kan anvende kunnskapane og ferdigheitane sine på nye fagområde for å gjennomføre avanserte oppgåver og prosjekt.
  • kan formidle eit omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar språk og terminologi brukt innan programutvikling.
  • kan diskutere akademiske problemstillingar, analyser og konklusjonar innan programutvikling, både med spesialistar og ålmenta.
  • kan bidra til innovasjonsprosessar i samfunnet ved å anvende informasjonsteknologi.

Innhald

Studiet legg vekt på å gje studentane ferdigheiter innanfor moderne systemutviklingsmetodar og teknologi, og korleis desse kan anvendast innanfor ulike domene. 

Vidare skal studiet gje studentane kjennskap til dei teoretiske grunnprinsippa og metodane som ligg under konstruksjonen og analysen av komplekse datasystem.

Etter fullført studium skal du ha utvikla spisskompetanse innan eitt delområde, samt ha god oversikt over heile fagfeltet programvareutvikling.

Arbeidsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Studiet avsluttast med ein presentasjon av masteroppgåva kombinert med ein munnleg eksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Internasjonalisering

Det kan legges til rette for studieopphold i utlandet. Studenter som planlegger slike utenlandsopphold bør kontakte instituttet i god tid for å få avklart hvordan utenlandsstudiet kan passes inn i studieløpet. 

Organisering

Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på enten 30 eller 60 studiepoeng. 

Emnedelen

Følgjande emne er obligatoriske:

INF234 Algoritmer (Oppdater!)

INF222 Programmeringsspråk

DAT250 Avansert programvareteknologi (undervises ved HVL)

DAT251 Moderne systemutviklingsmetodar (undervises ved HVL)

Emna i emnedelen skal vere på 200- og 300-talsnivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå.

Tilrådd studieplan:

1.semester INF234 DAT250 VAL

2.semester INF222 DAT251 VAL

3.semester Oppgåve Oppgåve Oppgåve 

(alternativt 3. semester ved 30 studiepoengsoppgåve: VAL VAL VAL)

4.semester Oppgåve Oppgåve Oppgåve

Tilrådde valemne må veljast i samråd med rettleiar. Aktuelle emne kan vere INF210,INF223, INF225, INF226, INF329 eller matematikkemne ved UiB, eller DAT252, DAT259 eller andre emne ved HVL.