Barn og unge, vitskapsteori, metode og etikk

Ønskjer du å arbeide med barn og ungdom som treng at du ser dei litt ekstra? Dette er vidareutdanninga for deg som har behov for auka kompetanse til å styrke meistring og trivsel hos barn og unge i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid. Dette er eit oppdragsstudium i regi av Helsedirektoratet.

Kompetanse og tenesteutvkling i psykososialt arbeid med barn og unge (PSBU102)

Fokus i dette emnet er retta mot utvikling av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i praksis og forholdet mellom desse. Emnet er knytt tett opp til refleksjon og rettleiing over eigen praksis og konkrete utviklingsprosjekt på arbeidsplassen. Emnet Kompetanse og tenesteutvikling i psykososialt arbeid med barn og unge går også inn i dei andre emna, og strekker seg gjennom begge studieåra. Emnet er på 7,5 studiepoeng. 

Vitskapsteori, metode og etikk (VIT6202)

Det omhandlar sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv, og fokuserer på korleis dei kjem til uttrykk i val av metode, analyse av data og formidling. Fokus er retta mot vitskapleg verksemd generelt og forsking innan Psykisk helse- og rusarbeid og psykososialt arbeid med barn og unge spesielt. Evne og vilje til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt blir planlagd, gjennomført og formidla i vitskaplege publikasjonar, er særskilt vektlagt. Emnet er på 7,5 studiepoeng. 

Undervisningsmåtar

Undervisningsplan

Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium. Det er lagt opp som vekesamlingar. Undervisning i emnene foregår i Haugesund i uke 3, 11, og uke 19.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, rollespel, video, sjølvstudium og oppgåveskriving/arbeidskrav. Teorigrupper/kollokviegrupper og rettleiingsgrupper. Studentane må ha tilgang på Internett. Canvas vil vere kommunikasjonsverktøy mellom studiestad og studentane. Studenten vert også oppmoda om å hospitere ved andre arbeidsstadar, og / eller ved institusjonar som arbeider med eller forskar innanfor feltet barn og unge.

Arbeidskrav

75% obligatorisk frammøte til undervisning og 100% frammøte til grupperettleiing
Ei skriftleg individuell oppgåve der studenten reflekterer over, og evaluerer utvikling av, eigen yrkeskompetanse i slutten av semesteret. Omfang: om lag 1000 ord.

Vurderingsform

PSBU102: Ein skriftleg fagtekst i essayformat, med fokus på refleksjon over eigen praksis, ferdigheiter og haldningar, og pågåande eller potensielle utviklingsprosjekt på eigen arbeidsplass (Tal ord: 3-4000).

VIT6202: Individuell skriftlig eksamen under tilsyn, 4 timer