
Radiografi
Bachelor
Radiografar arbeider med røntgenbilde av kroppen for å kunne oppdage og behandle eller lindre sjukdom og lidingar.
På radiografutdanninga lærer du korleis du skal utføre undersøking med røntgen, magnetisk resonans (MR), nukleærmedisin og ultralyd.
Pasientbehandling og omsorg er også ein viktig del av studiet. Ein radiograf må kunne ta hand om pasientar i ulike situasjonar og fasar i livet. Radiografar arbeider sjølvstendig og saman med legar og anna helsepersonell. Bilda som radiografen tar, skal gi legane ein god føresetnad for å stille korrekt diagnose og for å gi pasientane riktig behandling.
Studiet er 3-årig og består av hovudemna radiograffagleg biletframstilling og behandling, samfunnsvitskapleg og humanistiske emne og naturvitskaplege emne.

Eksempel på teoretiske fag er strålefysikk, strålebruk / strålevern, anatomi, fysiologi, patologi, pasientomsorg, apparaturlære, undersøkingsteknikkar og forskingsmetode. Sidan strålefysikk og strålevern er ein sentral del av dei naturvitskaplege emna er det ein fordel å ha fordjuping i, eller interesse for, matematikk og fysikk.
Studieløpet vekslar mellom teori og praksis. Du lærer gjennom forelesningar, gruppearbeid, ferdigheitstrening, problemløysing relatert til relevante situasjonar i praksisfeltet og sjølvstudium. Utdanninga har eit ny og velutstyrt øvingslokale for bruk til ferdigheitstrening individuelt og i grupper.
Formidling av kunnskap gjennom oppgåveskriving og munnlege framlegg er lagt vekt på, både gruppevis og individuelt. Studentane gis undervisning i å søke den best tilgjengelege kunnskapen og til å bruke denne i både teoretisk og praktisk arbeid.
Praksis
Praksisperiodane er i alle tre studieåra og er samansette av klinisk praksis ved somatisk avdeling (sengeavdeling) og klinisk praksis ved radiologiske- og stråleterapiavdelingar. Du kan bli tildelt praksisplass utanfor Bergen.
Her finn du informasjon om praksis.
Kva kan du jobbe med?
Ein autorisert radiograf kan arbeide med bildediagnostikk og på stråleterapeutiske avdelingar på sjukehus eller i private institutt. Radiografar kan også undervise, drive med industriell radiografi eller jobbe i firma som produserer radiologisk utstyr.
Vil du studere meir?
Du kan ta ulike master- og videreutdanningar hos oss. Tar du ein master i kunnskapsbasert praksis, får du høve til å ta ein mastergrad innan ditt eige fagområde.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! I siste semesteret av studiet er det tilrettelagt for at du kan ta ein utvekslingsperiode på tre månader ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det.
Kor kan du reise?
Belgia | ODISEE University of Applied Sciences
Danmark | University College Lillebælt
Finland | Tampere University of Applied Sciences
Finland | Turku University of Applied Sciences
Hellas | University of West Attica
Irland | University College Dublin - National University of Ireland, Dublin
Italia | University of Bologna
Malta | University of Malta
Nederland | INHOLLAND University of Applied Sciences
Nederland | Fontys University of Applied Sciences
Portugal | Polytechnic Institute of Coimbra
Portugal | P.PORTO - Polytechnic of Porto
Slovenia | University of Ljubljana
Storbritannia og Nord-Irland | Ulster University
Storbritannia og Nord-Irland | University of Suffolk
Sverige | Lund University
Sverige | Jönköping University
Østerrike | FH Campus Wien University of Applied Sciences