Realfagskurs | nett- og samlingsbasert | Stord | deltid

Forkurs

Dette er eit intensivt kurs i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til dei fleste ingeniørstudia i Noreg. Kurset blir gjennomført på deltid gjennom ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar, og lar seg kombinere med jobb.

Realfagskurset er eit flott tilbod for deg som har fullført og bestått 2-årig teknisk fagskuleutdanning, men manglar realfagleg fordjuping.

Faga i kurset er fysikk og matematikk. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1, Matematikk R1 og R2. Undervisninga er i stor grad innretta mot ei vidare ingeniørutdanning.

Realfagkurset følger Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagkurs utarbeidd av Universitets- og høgskulerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.

Undervisningsmåtar

Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer både på nett og på samlingar.

Kurset startar opp tidleg i oktober. Samlingane vil finne stad på campus Stord. Vi legg opp til tre dagar lange samlingar (mandag - onsdag) ein gong i månaden. Totalt blir det 8 samlingar.

For å lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv på samlingane og følgje mest mogeleg av undervisninga. Det er spesielt viktig at du møter på den første samlingsdagen på campus. Her får du nyttig informasjon om kursets oppbygging på den digitale plattforma. Du blir kjent med faglærarar og medstudentar, du får delta i diskusjonar om studieteknikk, og du får ein god start på arbeidet med første del av pensum.

Oppstart i oktober.