Rettleiing - grunnlag og metodar

I møte med medarbeidarar, studentar, pasientar, brukarar, kundar eller andre vil du ha nytte av kunnskap om rettleiing, og korleis du kan bruke denne kunnskapen i praksis.  Dette er ei vidareutdanning for deg som arbeider i offentleg eller privat sektor, og som ønskjer auka kvalifikasjonar i rettleiing og coaching.

I studiet lærer du om:

  • rettleiingsteori
  • rettleiande dialog og kommunikasjon
  • metodar for å fremje refleksjon og læring
  • etikk og rettleiing/coaching
  • planlegging og gjennomføring av rettleiingsløp som går over tid

Vi har hovudfokus på coaching/rettleiing til enkeltpersonar og mindre grupper.

Undervisningsmåtar

Undervisninga blir gjennomført som førelesingar, gruppearbeid og grupperettleiing. Du får øving i å gi og få rettleiing. I tillegg blir det sjølvstudium og arbeid med skriftlege oppgåver og presentasjonar.

Det er lagt opp til seks samlingar á to-tre dagar, 20 timar deltaking i grupperettleiing og inntil 20 timar eigenpraksis i rettleiing.

Samlingar våren 2019

  • 5. – 7. februar (kan bli berre 2 dagar)
  • 25. – 26. mars
  • 4. – 5. april
  • 22. – 23. mai