Rettleiing i yrkesfag

Til hausten kan du som er, har vore, eller ynskjer å bli praksislærar ta 15 studiepoeng rettleiing i yrkesfag ved HVL. Målgruppa er lærarar i yrkesfag eller andre med ansvar for elevar i yrkesfagleg opplæring.

Avlyst hausten 2021

Vidareutdanninga bidrar til utvikling av rettleiarkompetanse i eiga yrkesrolle som kan nyttast i ulike samanhengar på eigen arbeidsplass. Dette kan mellom anna handle om å legge til rette for læring og utvikling, for både elevar og kollegaer. Aktuelle problemstillingar og utfordringar frå eigen arbeidspraksis står sentralt, samt refleksjon over erfaringar i rettleiing.

Sentrale tema er relasjonskompetanse, kommunikasjon, kritisk tenking, refleksjon og etiske dilemma i rettleiing. Fagleg og personleg utvikling blir vektlagt. 

Du finn meir informasjon i emneplanen.

Undervisningsmåtar og samlingsdatoar

Studiet er samlingsbasert og nettstøtta. Det blir tre fysiske samlingar på campus Stord.

Samling 1: 7.-8. september
Samling 2: 5.-6. oktober
Samling 3: 9.-10. november

Med atterhald om endringar.